Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internasjonal vidaregåande skule Vg2 elektro

Hordaland fylkeskommune har saman med Erfurt i Tyskland ei avtale som gir inntil ni elevar på Vg2 Data og elektronikk, Automasjon og El-energi ei eineståande mogelegheit til eit skuleår på Andreas Gordon Schule i Erfurt, midt i hjartet av Tyskland.

Elevane blir valt ut etter søknad og intervju, og vi legg vekt på sosiale eigenskapar, interesser, fråvær, orden og åtferd – i tillegg til karakterar frå Vg1.

neuerbeskole.JPG

Elevane går frå august til slutten av oktober på Askøy vgs., der dei har samfunnsfag, norsk, gym, elektro og eit intensivkurs i tysk. Dei begynner på Andreas Gordon Schule i slutten av oktober og følger all teoriundervisning i 2. og 3. klasse saman med tyske lærlingar. Andreas Gordon Schule har ei stor elektroavdeling (ca. 40 klassar). Opplæringa skjer på skulen (teori + lab), i opplæringssenter og i bedrifter. Opplegget er ganske forskjellig frå det norske, og elevane må vere førebudde på at læreplanane skil seg frå dei norske på fleire område. All undervisninga er på tysk. I tillegg til elektrofaga følger elevane òg undervisninga i tysk kommunikasjon, sosialfag og gym.

Eksamen i elektrofag er i Tyskland i mai. Den siste månaden av skuleåret er ein tilbake på Askøy for å gjere ferdig allmennfaga og for å ha praksis i bedrift.

Elever mens de skriver eksamen i elektrofag i Erfurt

Dei ni elevane bur på eit internat rett utanfor byen, saman med tyske elevar. Her tek internatleiinga ansvar for dei, og det er kontakt mellom Askøy vgs. og internatet. Opphaldet vert finansiert med stipend frå Statens Lånekasse, dette dekker husleige og nødvendige utgifter. Elevane får òg tilskot frå Lånekassen til to heimreiser.

Andreas Gordon Schule - Erfurt

 

Slik søker du

Elevar som ønsker dette tilbodet, søker på VIGO på vanleg måte og set dette studiet opp som førsteval. I tillegg må ein sende inn eit eige søknadsskjema. Du må òg skrive ein presentasjon av deg sjølv der du fortel om bakgrunn, interesser og motivasjon for å gå på skule i utlandet. Søknadsfristen er 1. mars. Alle kvalifiserte søkarar blir kalla inn til intervju i april. For dei som ikkje kjem inn rykker 2. valet automatisk opp til 1. val.

Søknaden skal bestå av tre deler:

  • Utfylt søknadsskjema
  • Presentasjonen av deg sjølv
  • Karakterutskrift frå 1. termin VG1

Dette skal sendast samla til:

Askøy vgs. v/ rektor Oddvar Skråmestø
Søre Myrane 13
5300 Kleppestø

NB! Søknadsfrist 1. mars 2019. Hugs at du òg må søke på VIGO.

Last ned søknadsskjema Søk på Vigo.no

 

Kontaktpersonar

Koordinator
Profilbilde av Irene Lewis

Irene Lewis

Send e-post +4796907461