Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vaksine

Informasjon om smittsam hjernehinnebetennelse

Kva er smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokksykdom)?

Sjukdomen vert skulda meningokokkbakterier og smittar via spytt. Dei vanlegaste sjukdomsfremkallende meningokokkbakteriane vert kalla A, C, W, Y og B. Friske personar kan ha meningokokker i halsen utan å verta sjuke, men dei kan smitte andre. Hos enkelte smitta kan bakteriane finne vegen til hinnene rundt hjernen og gje hjernehinnebetennelse. Andre gonger kan bakteriane formere seg i blodet (blodforgiftning) og skade viktige organ.
Sjukdomen utviklar seg ofte raskt, og rundt 10 % av dei som får sjukdomen døyr.

Kvifor er ungdom spesielt utsett?

Friske ungdomar har oftare meningokokker i halsen enn andre. I tillegg deltek dei i aktivitetar som aukar risikoen for smitta og for å verta alvorleg sjuk, til dømes tett samvær med andre ungdomar over fleire dagar, festing, høgt alkohol forbruk, deling av flaskar og sigarettar, aktiv eller passiv røyking og lite søvn. I Noreg gjeld dette spesielt russefeiring, men kan òg være aktuelt ved festivalar, idrettssamlingar, ungdomsleir o.l.

Korleis kan ein verna seg?

Risikoen for å utvikle meningokokksjukdom er lågare viss du ikkje deler flaskar og glas med andre, får nok søvn, har eit lågt alkoholforbruk og unngår røyking. Sidan sjukdomen utviklar seg raskt er det svært viktig å kome tidleg til sjukehus. Fyllesyke, utmattelse og meningokokksykdom kan likne på kvarandre. Pass på kvarandre og ta kontakt med helsepersonell dersom du trur nokon av venene dine kan vera sjuke, særleg viss dei har nedsett medvit.

Det er òg mogleg å vaksinere seg mot meningokokksykdom. Folkehelseinstituttet rår til at ungdom i alderen 16–19 år som deltak i aktivitetar som skildra ovanfor vaksinerer seg mot meningokokksjukdom.
Anbefalingen gjeld òg yngre og eldre ungdomar.

Det finst to ulike typar vaksinar. Kombinasjonsvaksine mot meningokokk gruppe A, C, W og Y (Menveo eller Nimenrix) vernar mot alle desse fire gruppene av meningokokkbakterier. Meningokokk-typane C og Y har stått for dei fleste tilfella av meningokokksjukdom i denne aldersgruppa dei seinare årane.

Vaksine mot meningokokk gruppe B (Bexsero eller Trumenba) er òg tilgjengeleg. Det har ikkje vore tilfelle forårsaka av meningokokk B hos 16-19 åringar dei siste tre åra.

Når bør eventuell vaksine takast?

Vaksinasjon mot meningokokk A, C, W og Y består av ein dose. Vaksinasjon mot meningokokk B består av to dosar med minst 2 eller mellomrommet til 6 månader avhengig av vaksinepreparat. Ungdom som vil vaksinere seg før russefeiring bør vaksinere seg i god tid før feiringa byrjar. Etter gjennomført vaksinasjon tek det omtrent to veker før vaksinen gir vern. Vernet varer i ca 5 år, slik at vaksinasjon tidleg i vidaregåande skule vil gi vern i russetiden og ved reiser seinare i ungdom sin tida. Som ved annan vaksinasjon kan desse gi kortvarige bivirkninger hos nokon. Dei vanlegaste bivirkningene er rødhet og ømhet på stikk staden og uvelfølelse med hodepine eller kvalme

Kva kostar vaksinane?


Vaksinane må, på lik linje med andre vaksinar som ikkje vert tilbode i barnevaksinasjonsprogrammet, vert betalt av den enkelte.

MEN: På Askøy vidaregåande skule får du vaksina gratis!