Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Forsikring for skuleelevar

Hordaland fylkeskommune har teikna ulykkesforsikring for elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket. Forsikringa oppfyller krava i Forskrift til opplæringsloven (FOR-2006-06-23-724), men har høgare erstatning enn krava ved 100 % medisinsk invaliditet.

Kven forsikringa gjeld for:

  • Alle elevar ved vidaregåande skular i fylkeskommunen.
  • Elevar under mellombels opphald i utlandet i inntil 1 år (utvekslingsstudentar)

Når og kor forsikringa gjeld:

  • Innanfor området til skulen i ordinær skuletid
  • I friminutta
  • Under idrettsutøving, utflukter, reiser, føretaksbesøk eller andre aktivitetar som føregår utanfor området til skulen, men som skjer i skulen sin eller fylkeskommunen sin regi.
  • På direkte veg mellom heimen til skulen og frå skulen til heimen
  • Utanfor området til skulen i frikvarter
  • Ved utplassering i arbeidslivet når det inngår som eit ledd i undervisinga. Forsikringa gjeld òg på direkte veg mellom heimen og arbeidsstaden
 

Kva?

Erstatning vert gitt ved ulukkeskadar som fører til varig medisinsk invaliditet og dødsfall. Behandlingsutgifter vert dekt i inntil 3 år frå skadedagen (avgrensa til kr 50 000,-). Frå erstatninga vert det trekt ein egenandel på kr 500 .

Ytingar:

  • Medisinsk invaliditet 10 G
  • Dødsfall  1,0 G
  • Behandlingsutgifter kr. 50 000,-
For elevar under mellombels opphald i utlandet i inntil 1 år gjeld følgjande beløp:
  • Medisinsk invaliditet 15 G
  • Dødsfall 16 G
  • Behandlingsutgifter kr 50 000,-

Vi gjer merksam på at det ved eit eventuelt skadeoppgjør vil vera vilkåra som vert lagt til grunn.