Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenesta

Her finn du informasjon om rådgjevarane, skulehelsetenesta, elevinspektør, bibliotek, IT-tenesta og kantine.

VI ER HER FOR DEG!

Rådgivarar

Lurar du på kva du vil bli? Tenker du på framtida? Utdanning og yrke? Har du eit konkret problem på skulen eller heime? Eller treng du berre nokon å snakke med?

Rådgjevarane har kontortid nokre timar kvar dag, slik at du kan avtale tid til konferanse/samtale.

Kontakt med rådgjevar kan vere aktuelt viss du synest noko er vanskeleg på skulen, viss du ønskjer hjelp til formidling av kontakt med helse-/sosialvesen, skulepsykolog, logoped eller NAV.

Rådgjevarane har teieplikt og vil berre formidle opplysningar vidare etter avtale med elev/føresette om det skulle vere aktuelt.

Rådgjevarane hjelper til med søknader om lån og stipend. Dei hjelper òg til med yrkesorientering og tilrettelegging av tiltak viss nokon treng ekstra støtte/hjelp i skulearbeidet.

Rådgivar studiespesialiserande
Profilbilde av Anne Cathrine R Meyer

Anne Cathrine R Meyer

Send e-post 56152311

 

Rådgivar yrkesfag
Profilbilde av Wenche Hopland

Wenche Hopland

Send e-post 56152310
Helsesøster Anne Britt Dale

Helsesøster

Helsesøster Anne Britt Dale er til stades på skulen alle vekedagar. Ho held til på rom 117b i 1. etasje. Du kan kome utan timeavtale eller du kan ringe/sms for å lage ei avtale. Helsesøster kan vise vidare til psykologen til skulen. 

Her kan du få råd og rettleiing i forhold til fysiske, psykiske og sosiale problem som kan påverke helsa di og trivsel på skulen.
Du kan få resept på prevensjon og teste deg for klamydia. Skulehelsetenesta har teieplikt.
Tilbodet er gratis og vert ikkje ført som fravær.

Send SMS eller ring 952 90 312

 

Skulepsykologane

Skuleåret 2018/19 har Askøy videregående skole eit psykologteam ved skulen. Det er to psykologar, Cecilie Steinsland og Haldis Alsaker. Desse vil vera til stade på skulen onsdagar kl. 09.00-15.00 i partallsveker og torsdagar 11.30-15.00 i oddetallsveker. Dei kjem til å vera på rom 308B i 3. etasje.

MWF0312.jpg

Biblioteket

Skulebiblioteket skal vere eit fagbibliotek for alle studieretningar på skulen, men vi har òg annan faglitteratur, skjønnlitteratur, filmar, teikneseriar og lydbøker.

På biblioteket får du låne lærebøkene du treng. Hos oss kan òg låne e-bøker. Ta kontakt, så hjelper vi deg å kome i gang!

Velkomen til skulebibliotek

IT-tenesta

IT-Avdelinga held til i kjellaren på teoribygget.

Her kan vi hjelpa til med alle IT-relaterte utfordringar de møter i løpet av skuletida.

IT-tenesta er open mellom kl. 08:00-15:30.

Informasjon om Elev PC

Konsulent

IKT-konsulent
Profilbilde av Martin Tollefsen

Martin Tollefsen

Send e-post 40920900
MWF0306.jpg

Kantina

Kantina ved skulen er privat drive.

Skulen vel kvart år eit kantineråd som har rådgjevande funksjon for drifta. Kantinerådet har rett til å uttale seg om prisar, vareutval og åpningstider for kantina.

Føresetnad for kantinedrifta er at elevane ryddar etter seg.

Vi går sjølvsagt ikkje med arbeidstøy/kjeledress i kantina.

Forsikringar

Hordaland fylkeskommune har teikna både ulykkesforsikring og reiseforsikring for elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Lån og stipend

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend frå Lånekassa. Du får stipendet uansett kor mye foreldra tenaren dine.

Lærlingar, lærekandidater og praksisbrevkandidatar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend.

Sjekk òg sida til lånekassa på Facebook for deg i vidaregåande skule.