Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevmiljø

Askøy videregåande skole legg til rette for eit godt elevmiljø, der du vil trivast, vert sett og høyrt.

Elevrådet

Elevrådet er det høgaste organet til elevane på skulen. Tillitselev og varatillitselev vert valt av klassen for heile skuleåret. Den valde tillitseleven går inn som medlem av elevrådet ved skulen og har som oppgåve å representere klassen sin på elevrådsmøta. Varatillitsvalt fungerer som klassen sitt verneombud.

Elevrådet vel eit eige elevrådsstyre. Elevrådet behandlar saker som gjeld elevane og sakar som rektor ønskjer at elevrådet skal uttale seg om.

Medlemskap i elevorganisasjon(ar) blir avgjort ved uravstemning etter vedtak i elevråd/allmøte.

Elevrådet disponerer eigne budsjettpostar som inngår i skulen sitt ordinære budsjett/rekneskap.

Elevrådet gjer vedtak om deltaking i aksjonar/aktivitetar og opplegg som elevane skal delta i og administrere.

Elles kan elevane òg påverke  læringsmiljø sitt gjennom til dømes elevsamtalen, i timen til klassen og tillitsvalde si deltaking på firkantmøta.

Dei tillitsvalde har posthylle i ekspedisjonen i 2.etasje og disponerer eige kontor i kjellaretasjen under kantina.
Hogne Mjelstad2.JPG
Miljøfagarbeidar Hogne Mjelstad

Askøy vgs har eigen miljøfagarbeidar, Hogne Mjelstad, som skal vera støttespelaren din for å trivast på skulen.

Miljøfagarbeidar / MOT-koordinator
Profilbilde av Hogne Mjelstad

Hogne Mjelstad

Send e-post 93494916

 

Les meir om miljøfagarbeidaren Hogne
Tobakksfri-skoletid.jpg

Tobakksfri skuletid

Det er lovfesta at det ikkje er lov å snuse eller å røyke i skuletida. Dette gjeld òg e-sigaretter.

Dette inneber at du ikkje kan røyke eller snuse i løpet av skuledagen mellom kl. 8:10 og 15:25 uansett om du er på eller utanfor skuleområdet.

Dette er teksten frå  Tobakkskadeloven, kapittel 5 §27:

"Tobakksbruk er forbudt i grunnskoler og videregående skolers lokaler og uteområder.

Elever ved grunnskoler og videregående skoler skal være tobakksfrie i skoletiden."

Miljøfyrtån.jpg

Askøy videregående skole er Miljøfyrtårnsertifisert.

Sertifikatet vert utdelt for å dokumentere skulens innsats for miljøet og samfunnet.