Bli lærling
Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfag. Du må sjølv søke læreplass. Her er nokre tips til kva du kan gjere:
Finn godkjent lærebedrift
Kanskje veit du om eit føretak der du ønskjer å søke læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjende lærebedrifter på vilbli.no. Du kan òg kontakte dei lokale opplæringskontora med spørsmål om godkjende lærebedrifter i Hordaland.
Søk læreplass
Det er fleire måtar å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøkja føretak eller senda ein søknad. Store føretak har ofte eigne opptak av nye lærlingar . Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. Då har du større tryggleik og kan få hjelp om du har behov for det, både med søknad og i læretida.
Lærekontrakt
Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med føretaket. Då blir du lærling. Målet med læretida er å ta fag- eller sveinebrev. Føretaket har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.
Fag- eller svenneprøva
Lærlingperioden vert vanlegvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den er blitt laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt og består av fire deler:
- Planlegging
- Gjennomføring
- Vurdering
- Dokumentasjon
Rettar og pliktar som lærling
Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova. Her er nokre sider om rettane dine som lærling:
- Opplæringslova på lovdata.no
- Arbeidsmiljølova på lovdata.no
- Rettar som lærling hos LO
Ingen læreplass?
Du har diverre ingen garanti for å få læreplass i eit føretak. Å vera lærling vil seie at ei lærebedrift ønskjer å tilsette deg i den tida du lærer yrket. Det varierer frå år til år og i kva fag det kan vera vanskeleg å få ein læreplass. Får du ikkje læreplass vil opplæring i skule vera eit alternativ, anten innan eigne fagområde eller påbygg til generell studiekompetanse for å ta studiekompetanse.