Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Reglement for utlån av lærebøker

Reglementet gjeld for elevar ved Askøy vidaregåande skule i Hordaland fylkeskommune. Reglementet gjeld den skulen har definert som felles pensumlitteratur i det enkelte fag. For dei øvrige utlåna til skulebiblioteket av bøker og anna materiell, gjeld eige reglementet på skulen.

Utlånsordning

For å kunna låna lærebøker må alle elevar har signert lånekontrakten. Logg deg på med MinID og ta med kvittering på mobilen, når du hentar bøkene.

Her signerer du lånekontrakten

Ved skulestart vil bibliotekaren ved skulen sørge for at elevane får utlevert bøkene dei treng. Kvart eksemplar har ein unik strekkode, og eleven må levera tilbake det same eksemplaret ved slutten av skuleåret. Eleven burde skriva namn, klasse og skuleår på innsiden av bokpermen. Dette for å forhindre at bøker bytta om.

Eleven skal sjå til at bøkene er i tilfredsstillande stand. Dersom eleven oppdagar skader på bøkene utover normal slitasje, skal dette meldast til bibliotekaren innan ei veke etter utlån. Boka vil då få ein påtegning slik at eleven slepp erstatningskrav ved innlevering.

Dersom eleven byter fag eller avbryt opplæringa i løpet av skuleåret, skal bøkene leverast til skulebiblioteket umiddelbart.

Det er ikkje tillate å notera, streke under tekst, bruke uthevingstusj eller liknande i bøkene. Strekkoden må vera intakt.

Det vert ikkje kravt erstatning for normal slitasje, og eleven vert råda til å setja bokbind på bøkene. Alle bøkene skal leverast tilbake til skulebiblioteket ved slutten av skuleåret. Lån over sommarferien må verta spesielt avtalt med bibliotekaren ved skulen. Siste frist for å levere tilbake utlånsbøkene er den siste offisielle skuledagen til skulen. Det er ikkje mogleg å returnera bøker etter fristen. Rektor kan i spesielle tilfelle fråvika denne regelen. Ved innlevering er det eleven som lånte boka som får registrert innleveringa, ikkje personen som leverer ho.

Erstatning ved tap/skada

Eleven er ansvarleg for lånte bøker. Det vil seie at eleven, eller eleven sin føresette, må rekne med å erstatte bøker som vert skada eller vert tapt i utlånsperioden, manglar strekkode eller bøker som ikkje vert levert tilbake innan innleveringsfristen.

Skulen kan kreve tapet erstatta etter alminnelege erstatningsreglar [1]. Erstatninga vil som hovudregel vera nyprisen for boka/bøkene. Skulen må i det enkelte tilfelle vurdera om vilkåra for å kreve erstatning er tilstades.

Uavhengig av manglande levering og utestående erstatningskrav, er skulen pliktig til å halda eleven med nødvendige læremiddel. Dersom ei bok vert øydelagd eller går tapt i løpet av skuleåret, skal eleven få låna ei ny bok av utlånsansvarleg. Eleven har då òg erstatningsansvar for den nye boka. 

Skulen vil sende krav om erstatning til eleven eller føresette, med 30 dagars betalingsfrist. Dersom kravet ikkje vert innfridd, vil det bli sendt til inkasso.
 

[1] Eleven sin og erstatningsansvaret til foreldra er regulert i lov om skadeserstatning 13. juni 1969 nr. 26. § 1-1 om ansvaret til barn lyder slik:

“Barn og ungdom under 18 år pliktar å erstatta skade som dei valdar forsettleg eller uaktsamt, for så vidt det finst rimeleg under omsyn til alder, utvikling, utvist åtferd, økonomisk evne og tilhøva elles”

§ 1-2 om ansvaret til foreldre m.v. lyder slik:

“1 . Foreldre pliktar å erstatta skade valda av barn og ungdom under 18 år, såfremt dei har late det mangla på tilbørlig tilsyn eller på annan måte ikkje har gjort det som etter tilhøva er rimeleg å krevja av dei for å hindra skadeforvoldelse.

2 . Uansett eiga skuld svarar foreldre for skade valda forsettleg eller aktlaust av barnet deira under 18 år som dei bur saman med og har omsuta for, med inntil 5.000 kroner for kvar enkelt skadevolding.”