Søketeknikk
Bli betre til å søke på internett! God søketeknikk handlar om korleis du vel søkeord og kjelder å søke i.
Google er verdas mest brukte søkemotor og her finn du nesten alt du leitar etter.
Etterfølgande nokon tipps korleis du gjera leitinga raskare og meir effektiv:
1. Søk på ei bestemd nettside
- ein svært presis måte å søka på
- i søkefeltet skriv du "site:" følgd av nettsida du vil finne
- til dømes: site:asv.hfk.no (hugs at det ikkje er mellomrom etter kolon)
2. Søk på filtype
-
dersom du veit at du leiter etter ein wordfil, excelfil eller pdf, skriv i søkefeltet "filtype:" følgd av søkeordet ditt
- til dømes: pdf:skulerute Askøy
3. Fraser
- bruk hermeteikn for å leite etter ord eller frasar
- når du bruker "søkeord" søker Google nøyaktig etter ordet
- ein bra måte for å søke opp personar eller produkt
- til dømes: "Zlatan"
4. Utelat ord
- nokon gonger blir ein hindra for å få gode treff. Søkar ein t.d. etter Paris, kjem det mykje om Paris Hilton. For å hindre å få med opplysningane om henne skriv du i søkefeltet: Paris -Hilton
5. Ordbok/Leksikon
- Google har eit innebygd ordbok, som hjelper deg å finne ut tyding av ord, særleg på engelsk
- skriv "define:" følgd av ordet
- t.d. define:website
6. Kalkulator
- Google har òg ein innebygd kalkulator
- du kan bruke pluss, minus, ganga, dela og du får òg rekna ut prosent
- t.d.: 8*5+40
Dette var nokre døme til meir presis bruk av Google.
Det finst fleire verktøy som gjer livet med Google enklare, t.d. klokkesøk (time Tokyo), Valutakalkulator ( 10 USD in NOK), værsøk (vêr Kvamskogen), kartsøk (kart Askøy) og nokon fleire.
Google advanced søk
Prøv sjølv!