Kjeldekritikk
Kjeldekritikk på nett:
Utgjevar
- Kven er kjelda til informasjonen - hugs at kven som helst kan legge ut informasjon på nettet, til kva for eit føremål som helst.
- Kva for ein autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
- Finst det opplysningar om personen/organisasjonen?
- Er personen/organisasjonen kjend innan feltet?
- Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kjelda)?
- Er det mogelegheit for å kontakte kjelda pr. telefon, faks eller e-post? Står adressa på nettstaden?
Føremål med sidene
- Kva er motivet for å legge ut informasjonen? Er denne reklamen, propaganda eller faktum?
- Er kjelda nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?
Truverd
- Er språkbruken truverdig? Finn du mykje skrivefeil?
- Har nettstaden ein klar og tydeleg layout? - Har nettstaden ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstadar?
Utgjevingstidspunkt
- Er informasjonen ny eller gammal? Når vart sidene sist oppdatert?
Kjeldekritikk bøker:
Forfattar
- Er forfattaren kjent ? Har forfattaren skrive mykje om dette temaet? Er forfattaren truverdig?
Utgjevar
- Kva for eit forlag er boka utgjeve på? (Kjende forlag står stort sett for kvalitet.)
- Er utgjevaren ein organisasjon eller eit spesielt samfunn? Religiøse sekter kan vere ukritiske. Politisk oppfatning er av betydning
- Kor mange sider har boka?
- Er boka illustrert?
Utgjevingsår
- Når er boka utgjeve - er den ny eller gammal? (Eit aktuelt tema krev informasjon som er av nyare dato)
- Har boka kome i fleire utgåver? (Indikerer at boka er eit standardverk)
Føremål med utgjevinga
- Les forord
- Studer innhaldsoversynet
- Korleis er framstillinga? Er dette faktum, meiningar eller propaganda? Skriven for å overtyde, informere, underhalde, provosere?
- Passar nivået? Skriven for ei bestemd målgruppe? Til dømes barn, ungdom, elevar eller forskarar.
- Studer litteraturlista av boka.