Låneregler
All material som vert teke ut av biblioteket må registrerast!
Lånetiden
4 veker for bøker og 7 dagar for filmar.
Oppslagsverk og handbøker er berre til bruk i biblioteket.
Reservering
Utlånte bøker kan reserverast. Du får melding når utlånt material vert tilgjengeleg for deg.
Fornye lån
Viss ingen står på venteliste, kan du fornye låna dine. Dette kan du anten gjere sjølv i appen bibliofil, i Mappa mi eller du kan vende deg direkte til bibliotekaren.
Erstatning
Du er sjølv ansvarleg for material som er lånt. Tapt eller øydelagt material må erstattast. Etter 2. purring utan reaksjon frå deg, vert det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.