Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

"Yes to migration, No to extremism"

IMG_0781.JPG

Dette er tittelen til samarbeidsprosjektet i Erasmus+programmet som samla elevar frå fem europeiske land på Askøy vgs denne veka.

Merete Stamneshagen2_ foto Anne Jo Lexander.jpg
Foto: Anne Jo Lexander (Askøyværingen)

Ei veke full med opplevingar, læring utanom det vanlege og nye venner ligg bak oss.

22 elevar frå både Slovakia, Italia, Tyskland og Spania var på besøk på Askøy vidaregåande. Elevane budde privat hos norske elevar og vart godt kjent med ungdommane på tvers av landa og ein liten bit av kvardagen i ein norsk familie.

I prosjektet har vi fokussert på ekstremisme, korleis det oppstår og korleis vi kan være med for å hindre det. Vi har lært om Utøya, om Noregs historie, om Vossinganes migrasjon til Amerika, om 2. verdskrigen og militærbasen på Herdla.

Merete Stamneshagen mista dottera si Silje på Utøya. Og historia hennar gjorde tydeleg inntrykk på ungdommane, som var 6 eller 7 år, då det skjedde. Hendinga kom plutseleg veldig tett på og med dette ei endå betre forståing, kvifor det er ungdommane som har moglegheita til å gjøre ein forskjell.

IMG_0719.JPG

På eit besøk i Schøttstuene med ei omvisning på bryggen kunne vi vorte kjente med kvarandre og høyrde om Hanse og migrasjonen denne organisasjonen påførte Bergen.

IMG_0713.JPG
IMG_0720.JPG

Ein tur til Voss med besøk av både Voss folkemuseum, Voss gymnas, bussturen langs Hardangerfjorden og ein kjapp tur bak Steinsfossen i beste Vestlandsvær gav mersmak hos mange av dei nye utanlandske vennene våre.

IMG_0724.JPG
IMG_0743.JPG
IMG_0725.JPG
IMG_0752.JPG

Eit foredrag om både 2.verdskrigen og den kalde krigen venta oss på Herdla. Vi såg på det styrta kampflyet Gul16 og fekk ei svært interessant omvisning på torpedobatteriet.

IMG_0744.JPG
IMG_0711.JPG

Mat frå alle fem land stå på bordet i lunsjen. Hmmm, herleg å prøva noko nytt!

Tusen takk for besøket og vi gleder oss til å besøke dykk og treffe alle de igjen i 2022!

IMG_0771.JPG