Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sjakkturnering

elever midt inni sjakkturnering

Adventstid er sjakktid på Askøy vgs.

For tredje år på råd vart det sjakkturnering på skulebiblioteket i adventstiden. Nokre elevar har vore med frå starten av og mange nye spelarar prøvde seg for første gong.

18 spelarar kom jamleg og spelte tolv rundar lunsj-sjakk i løpet av dei siste tre vekene. God stemning, høflighet, respekt og mykje konsentrasjon har prega tida i storefri. Julekaker i pausen mellom rundane hjelpte heldigvis litt på konsentrasjonsevna.

elever som spiller sjakk

Sjølv om det berre er 18 elevar som konkurrerer, er det  veldig mange andre som spelar sjakk på biblioteket i friminuttene eller som ser på turneringa. Både for å læra noko eller for å heia på.

Det beste med sjakk er, at elevar som aldri har tenkt på å prate med kvarandre, spelar plutseleg med kvarandre og får dermed nye venar og kanskje ei helsing og eit smil på gongen. Dessutan er det fantastisk å sjå at analoge spel griper og engasjerer ungdomar.

Vinnaren vart ein suveren Amalie frå 1STC (ein av berre to jenter i turneringa) med Torjus frå 3StuspB og Elias frå Påbygg hakk i hælen, som delte seg andre plassen.

 Gratulerer til alle dykk flinke sjakkspelarar!

IMG_20181211_121109.jpg
Glade sjakkspelarar på slutten av turneringa.