Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Maisha Mema 2019

1.jpg

I dag var Jonny og Fred frå Maisha Mema i Kenya på besøk for å fortelje kva dei bruker dei innsamla pengane til.

Kvart år reiser Jonny og Fred til Noreg for å takke organisasjonane for støtta og for å dokumentere, kor pengane, som blir samla inn, går til.

I dag var dei på besøk på Askøy vidaregåande, trefte gode gamle vennar (m.a. Guri og Helene, som var hos Maisha Mema i fjor) og viste bildar frå både klubbhuset og "familien" i Nairobi.

2.jpg

Maisha mema betyr "eit betre liv". Eit betre liv for barn i slummen i Soweto, som framleis bur heime, men som kjem kvar dag til klubbhuset for å lære og leike, for å få trøst, mat og trivsel. Og eit betre liv for barna som ikkje har nokon andre enn "familien" i barneheimen.

Hovudmålet er læring og utdanning. Men òg å læra å vera sosialt og at det faktisk finst vaksne som ein kan stole på er viktig for alle ungane.

Pengane som går til Maisha Mema går ganske enkelt til ei lysare framtid for 280 barn i Kenya.

Tusen takk for all støtta!