Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvervel - en konsert i DKS

Kvervel.jpg
Kvervel (foto: Knut Sævik)

All lyd er inne i oss, me er det alt er inne i - all lyd er utanfor oss, me er det alt er utanfor.

Gjennom "Den kulturelle skulesekken" fekk elevane på Vg1 Studiespesialisering den beste starten i helgen som ein kunne tenke seg.

Karl Seglem, ein av Noregs fremste saksofonistar og i i alle fall Noregs fremste bukkehornist kom med prosjektet "Kvervel" på besøk. Saman med pianisten Lars Jakob Rudjord, perkusjonisten Jonas Sjøvaag og lydmesteren Knut Sævik leverte han ein skuletime av ypperste kvalitet til nytelse for alle.

IMG_20190308_134358.jpg

Karl Seglem har òg skrive tre diktsamlingar og i konserten sameinte han den unike musikken hans med både poesi og klang på magisk vis.

Poesien hans er inspirert av naturen og dei enkle tekstane oppfordrar til ettertanke. Samstundes teiknar han med saksofonen - strålande undermalt av syntetiske og perkusjonistiske klangar - eit bilete av naturen som omgjev oss.

Tusen takk for ei fantastisk oppleving!

IMG_20190308_132517.jpg
Karl Seglem på DKS-tur

 

Viss du har lyst å høyra meir av Karl Seglem og dykka inn i musikken hans, så kan du sjå her nesten to timar av jubileumkonserten: