Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kven ønsker du å vera i det eine livet du har fått?

Tore Petterson.JPG

I dag fekk alle elevane som går helsefag ein skuletime utanom det vanlege med Tore Petterson som foredragshaldar.

Dei fleste kjenne Tore Petterson berre frå "Sofa" eller som dommar i "Skal vi dansa".

Men i dag var han på Askøy vidaregåande for å fortelja historia si. Opplevingane sine rundt å bli mobba under nesten heile skuletida og kva som gjer dette med folk. Korleis å styrke tilliten og tryggleiken til seg sjølv og om å gjere det beste ut av livet sitt, sjølv om barndommen var kjipt. Målet hans er å gjere oss bevisste på at åtferda vår påverkar andre rundt oss og at vi skal tora å ta grep. For det er berre det eine livet vi har og det er vi som skal ta avgjerder for å få det beste ut av det.

Eit engasjerande foredrag om mobbing og om å vera annleis. Dette gjeld oss alle!