Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kim Fairchild - fra New York til Steinrusten

image00003.jpeg

I forbindelse med Erasmus prosjektet om migrasjon og ekstremisme kom Kim Fairchild på besøk.

image00002.jpeg
Kim Fairchild signerer boka si "Den første"

Mora til Kim Fairchild forelska seg i New York i ein nordmann frå Askøy og patchworkfamilien flytta til heimstaden til stefaren, til Steinrusten. I mange år har Kim vore det einaste farga barnet i heile Bergensregionen. Det var ingen sjeldenhet at folk tok på håret og huda hennar utan å spørja først.

Ho skjønte ganske tidleg at ho var annleis og ho fortalde om nokre situasjonar i ungdomstida og korleis ho reagerte på. I boka "Den første" beretter ho om vegen frå det første svarte barnet til Noregs første svarte stjerne.

Kim har ein tydeleg bodskap til dagens ungdommar:

  • Reis mykje, så lærer du meir!
  • Spør dei utanlandske vennene dine, kvifor og korleis dei kom til Noreg og kva verdiar dei har i sekken sin.
  • Ha ikkje dei same fordømmene som foreldra dine!
  • Ungdommar i dag bestemmer om det blir fleire ekstremistar. Gå ut og snakk med folk som er annleis enn du for å forstå!

Tusen takk for historia di, Kim!