Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fleire fylkesmesterskap i yrkesfag

15.jpg
Alle deltakare i industrimekanikarfaget med diplom og juryen Ole Morten Skålevik frå Aker Solutions og Sigbjørn Tarberg frå IFOS.

Fylkesmesterskapet i både tømrerfaget og industrimekanikerfaget gjekk av stabelen på Askøy vgs.

Fem elevar frå fem skular i Hordaland konkurrere onsdag, 20. februar om å gå vidare til Norgesmesterskapet i tømrarfaget. Elevane hadde fire timar for å bygge ein del av eit bjelkelag og ein ytrevegg.

Sjå bildeserie fra tømrarane. (om fylkesmesterskapet i industrifaget kan du lese litt lengre nede.)

IMG_20190220_111044.jpg
Heine frå Askøy i aksjon.
IMG_20190220_111119.jpg
Valentin frå Austrheim vgs.
IMG_20190220_141443.jpg
Elias frå Knarvik stakk av med velfortent siger og skal no vidare til NM i tømrerfag.
IMG_20190220_110930.jpg
Louise (som er tidlegare elev frå Askøy vgs) og Maria er juryen og passar på at konkurransen vert gjennomført på riktig måte.

 

Dagen etter, torsdag 21.februar gjekk endå eit fylkesmesterskap av stabelen på Askøy vgs! 

Då konkurrerte fire elevar frå fire skular om å gå vidare til Norgesmesterskapet i industrimekanikerfaget.

Elevane hadde 2,5 timar på seg for både identifisering og måling, sveising og anna praktisk industriell arbeid, og dessutan ei teorioppgåve om pneumatikk.

11 (1).jpg
Daniel frå Askøy vgs.
2.jpg
Marianne frå Knarvik vgs.
17.jpg
Sluttproduktet
16.jpg
Stolt Daniel frå Askøy vgs som no går vidare til NM!
15.jpg
Alle deltakare i industrimekanikarfaget med diplom og juryen Ole Morten Skålevik frå Aker Solutions og Sigbjørn Tarberg frå IFOS.

Det vart gjort ei kjempeflott innsats av alle saman og vi ønsker lukke til til Daniel og Elias som skal vidare til Norgesmesterskapet! 🏆