Flott avslutning for årets avgangskull

Takk for tre flotte år til alle våre vg3 elevar!
Det er både fint og litt vemodig, når borda i kantina blir dekt og pynta. Det betyr slutten av eit skuleår med mykje læring og arbeid, glede og sinne, håp og fortvilelse. Og det betyr farvel med 100 kjekke elevar, som vi på Askøy vgs fekk lov til å følge i tre år heilt opp til eksamen.
Men når finstasen er på og både glade elevar og stolte føresette har sett seg, kjem eigentleg berre fine minne om 13 år skulegang opp.
Kvelden gjekk ikkje heilt plettfritt, men maten og programfølgje er heldigvis ikkje det som var viktigast.
Flotte taler av både rektor, russepresidenten, kontaktlærere og elevar.
Tusen takk for tre fantastiske år og lykke til vidare!
Sjå bildeserien nede:





Musikalsk underhaldning vart strålande levert av elevar frå Strusshamn Skoles Musikklag.


