Elektroklassen på plass i Erfurt

Etter nokre månader med intensiv førebuing har Elut komme til Erfurt. Der vart dei tatt godt imot av Stusp-elevane, som har vore der allereie sidan august.


Jacob, Robert, Aaron, Marcus og Eskil er på veg til Erfurt i Tyskland for å lære elektrofag på Andreas Gordon Schule. Ønsk dei lykke til!


Skulemyndigheitene i Erfurt set svært stor pris på samarbeidet med Askøy vgs. Både skulesjefen og borgarmeisteren for barn og unge er tilstades. Dette er det 13. året og det 12. kullet vi sender elevar til Erfurt.
Bedriftsleiarane kjem òg til rådhuset for å bli litt kjent med «sin» praksiselev.

Studiespes-gjengen har vore i Erfurt sidan midten av august. Den viktigaste forskjellen mellom norske og tyske lærarar er at dei tyske berre seier ting éin gong. Viss ein i september får beskjed om å framføre noko i oktober, får ein inga påminning før ein blir beden om å gå fram og framføre. I Noreg gir gjerne læraren den same beskjeden åtte gongar...
Hette eller caps er ikkje lov innandørs i Erfurt!
Vi ønsker alle saman lykke til!
