Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Avslutning i Erfurt

20190508_120914.jpg
Elevane frå Andreas Gordon Schule og Albert Schweitzer Gymnasium viser bilete frå tida i Erfurt.

Men ein høgtideleg avslutningsseremoni på det ærverdige rådhuset i Erfurt gikk eit spennande og lærarrik år offisielt mot slutten.

Elevane fekk vitnemåla frå rektorane og viste bilde frå opphaldet deira i Tyskland.

Sju av elevane, som går på elektrolinje, er på veg til Askøy for å ta tak i eksamen for Vg2, medan dei andre seks på gymnaset, blir verande til slutten av skuleåret.

Det var ingen koseår, men hard arbeid og mykje læring. Men det var òg mestring av utfordringar, sosialt felleskap og ikkje minst, mange nye venner. Ein strålande innsats av alle saman!

Velkommen tilbake!

20190507_153227 (1).jpg
Alfred mottek vitnemål frå rektor, Herr Pohlemann. I bakgrunnen Maiken, Tobias og Ruben.
20190507_151258.jpg
Berit Roksvåg frå Hordaland Fylkeskommune held tale og gratulerer elevane og ønsker dei alt godt i tida framover.

 

Viss du kan tysk, kan du lesa her på byen Erfurt si heimesida ei omtale av seremonien.