Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Avslutning for årets avgangskull

alle2.jpg

Ein av dei flotteste tradisjonene på Askøy videregående skole er avslutningsfesten til Vg3 elevar.

Men i år var det litt merkeleg. God plass på den elles tronge kantina, mykje plass mellom stolane, ingen stolte og litt vemodige foreldre. Ja akkurat: det er året med koronarestriksjonar.

Men likevel blide og stolte avgangselevar i finstasen som mot alle forventningar kunne vera saman igjen dei siste vekene av skolelivet deira. Dei hadde ein litt forseinka, men festleg russetid i finværet utan stress og dårleg samvit mot skulearbeid sidan eksamen vart avlyst. Snakk om flaks!

Foreldra kunne følge med i livestream heimefrå og fekk òg høyra dei flotte talane og den fine musikken frå musikantane frå Strusshamn skolens musikklag.

Her kjem fleire bilete:

alle med rektor.jpg

Vi har i kveld takka av eit VG3-kull vi er særs stolte av. Lukke til på ferda vidare!

1.jpg
Glade og svette avgangselevar
2.jpg
Rektor Oddvar Skråmestø var kveldens konferancier
3.jpg
Orfører Siv Høgtun med ein tydeleg bodskap på veg inn i livet.
5.jpg
Elevrådsleiar Jens Andersen blir rost og takka av rektor.
4.jpg
Treblåskvartetten frå Strusshamn skoles musikklag med stykke "Tico, tico"
6.jpg
Det er sjeldan at ein kan høyra Michael Jacksons "Bad" som korpsversjon.