Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Vi tilbyr

  • HTH-HO Kvardagslivstrening
  • HTA-HO Arbeidslivstrening
  • HT-HO Grunnkompetanse Helse- og oppvekstfag
  • HT-SR Grunnkompetanse Sal,service og reiseliv
  • HT-BA Grunnkompetanse Bygg- og anleggsteknikk
  • HT-TIP Grunnkompetanse Teknologi- og industrifag

Åsane vidaregåande skule har eit breitt tilbod innafor tilrettelagt undervisning. Tilbodet er tilpassa elevar med behov for spesialundervisning og tett oppfølging.

Vi har klassar med eit redusert tal av elevar. Hausten 2020 flytta vi inn i heilt nye lokalar, eit nybygg som har vist seg å vere godt egna til dei tilrettelagde gruppene.

Liavannet_novemberbål (23).JPG

 

Kvardagslivstrening

Opplæringa ved kvardagsliv er tilrettelagt for elevar som har rett til omfattande spesialundervisning og treng eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.

Elevane er i lita gruppe der opplæringa er tilpassa kvar enkelt elev.

Teamet rundt elevane består av erfarne spesialpedagogar og miljøarbeidarar.

Vi legg vekt på læring gjennom samspel, samhandling og opplevingar, både i og utanfor skule.

 

Arbeidslivstrening

Dette er opplæring for elevar som treng struktur og tilrettelegging i opplæringa. Undervisninga skjer i grupper på 4-6 elevar.

Opplæringa skal førebu elevane til arbeidslivet gjennom praktisk arbeid og teoretisk opplæring.

Målet med opplæringa er at eleven skal kunne meistre varig tilrettelagt arbeid i ei ordinær bedrift eller i ei vekstbedrift.

Øyestyrt Tobii (1).JPG

 

Grunnkompetanse

Dette er for elevar som av ulike årsaker har vanskar med å gjennomføre eit ordinært vidaregåande opplæringstilbod.

Det blir utarbeid individuelle opplæringsplanar for den einskilde elev som tar utgangspunkt i læreplanmåla for det valde programområde. Nokre elevar vil kunne oppnå karakterar i alle eller i nokre fag.

Målsettinga for elevane er yrkesfagleg grunnkompetanse innafor valde programområde og som gjer mogelegheit til sjølvstendig arbeid i ordinært arbeidsliv eller i tilrettelagt bedrift. Gruppene innafor grunnkompetanse kan vere i grupper på 8-10 elevar.

Slik søkjer du vigo.no

TA KONTAKT FOR MEiR INFORMASJON

Avdelingsleiar
Hermund Solvi
Rådgjevar
Aina Helland