Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknologi- og industrifag

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Første året er felles for alle som velger Teknologi- og industrifag. På Vg2 kan du ta Industriteknologi  og Transport og logistikk  hos oss.

 

Søk skuleplass

Kvifor velje TIP

Du som vel Teknologi- og industrifag, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør også kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Interesse for ny teknologi er også viktig.

Les meir på vilbli

Første året

_MwF9569.jpg

Vg1 Teknologi- og industrifag

Utdanninga fører fram til ei heil rekke yrke innanfor:

  • bilfag
  • tekniske fag
  • skipsindustri
  • tekoindustri
  • oljeindustri/oljerelaterte fag

Du kan lese meir utfyllande om fag og yrke på vilbli.no

Andre året

industriteknologi.jpg

Vg2 Industriteknologi

Når du har fullført Vg2 Industriteknologi, har du svært mange yrke å velje mellom: CNC-fag, modellbyggjarfag, ulike montørfag, verktøymakar eller industrirøyrleggar er nokre av dei 23 sluttkompetansane du kan velje etter fullført Vg2.  

I tillegg kan du velje Vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter bestått utdanning.

Alle fag og yrke kan du finne på vilbli.no
 

 

IMG_5999.JPG

VG2 Transport og logistikk

På Åsane vgs får du ei utdanning som opnar mange vegar innan transport og logistikk. Du får allsidig utdanning og brei kunnskap innan terminalarbeid, persontransport, godstransport, kundebehandling og allmennfag. Du kan få kompetansebevis på ADR(transport av farleg gods) og truckførarbevis.
I tillegg vil du få praktisk opplæring i godsbehandling på lager, førstehjelp og brannslukking, teorikurs klasse B. Du får delvis støtte til obligatorisk opplæring for førarkortet i klasse B (mot kvittering frå kjøreskole). Skulen har flere truckar som vert nytta i praksisundervisninga, eigen lagerhall og stort uteområde. 
I Yrkesfaglig fordjupnung frå haustferien til vinterferien er du utplassert to dagar i ei relevant transport- og/eller logistikkbedrift. Utplasseringa gir deg eit nyttig innblikk i livet og gode erfaringar å ta med vidare både i skulearbeidet og seinare i arbeidslivet.
Opptakskrav: Vg1 Service og samferdsel og Vg1 Teknikk- og industriell produksjon.

TA KONTAKT FOR MEiR INFORMASJON

Avdelingsleiar
Tore Gatland Kleppe
Rådgjevar
Kurth Ove Mikalsen