Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Dette kurset er berekna på minoritetsspråklege søkjarar som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje undervisinga i ordinært utdanningsprogram.

I kurset får elevane opplæring – spesielt i norsk – som kan kvalifisere for å søke eit ordinært utdanningsprogram på Vg1 året etter. 

Søk skuleplass

Føresetnaden for inntak er at søkjaren har fylt 16 år, eller fyller 16 år i løpet av året, og har grunnopplæring frå heimlandet som svarar til norsk grunnskule.

Elevar som går på dette kurset bruker ikkje av den ordinære opplæringsretten.

Les meir på vilbli.no

TA KONTAKT FOR MEiR INFORMASJON

Avdelingsleiar
Profilbilde av Marit Sofie Njøten

Marit Sofie Njøten

Send e-post
Rådgjevar
Profilbilde av Aina Helland

Aina Helland

Send e-post