Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Det første året er felles for alle som vel Elektrofag. På Vg1 Elektrofag får du kunnskap om alt frå automatisering og energisystem til data og elektronikk.

I praksis går mykje av undervisinga føre seg gjennom arbeidsoppgåver i elektroverkstaden på skulen.

Søk skuleplass

Kvifor velje Vg1 Elektrofag

Vil du arbeide som elektrikar, togelektrikar, heismontør, dataelektronikar eller med romteknologi, så er starten elektrofag.

Dersom du vel elektrofag, er moglegheitene mange og variasjonen stor. Utdanningsprogrammet fører til eit mangfald av yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. 

 

Les meir på vilbli.no

Første året

_DsC6813.jpg

Vg1 Elektrofag

I tillegg til elektrofaga (programfag) får du opplæring i fellesfag som omfattar norsk, engelsk, matematikk og naturfag. Dette gjer at du etter Vg1 og Vg2 kan ta påbygg til generell studiekompetanse og ha moglegheit til å ta utdanning på høgskule og universitet. Eller du kan gå læretida i ei bedrift og ta fagprøve i eit av dei mange faga innanfor denne yrkesretninga.

I praksis går mykje av undervisinga føre seg gjennom arbeidsoppgåver i elektroverkstaden på skulen. Her set du som elev opp styringssystem i miniatyrskala, som simulerer korleis det skjer i ekte system.  Om du vel elektrofag, er moglegheitene mange og variasjonen stor. På Åsane vidaregåande ønskjer vi å førebu deg til dette og kanskje det viktigaste: gi deg ei trygg og god oppleving av fagkunnskap og eit godt elevmiljø.

ta kontakt for meir informasjon

Avdelingsleiar
Profilbilde av Kenneth Sandstrøm

Kenneth Sandstrøm

Send e-post
Rådgjevar
Profilbilde av Kurth Ove Mikalsen

Kurth Ove Mikalsen

Send e-post