Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som vel Bygg- og anleggsteknikk. Hos oss kan du på Vg2 velje mellom

  • Byggteknikk
  • Klima, energi og miljøteknikk.
Søk skuleplass

Kvifor Bygg- og anleggsteknikk?

Er du eleven som gjerne vil jobbe praktisk? Bruke hendene dine til å skape noko? Er du motivert, uthaldande og i brukbar fysisk form – og samarbeider greitt med andre? Då bør du sjekke ut tilboda på Bygg- og anleggsteknikk!

Les meir på vilbli.no

Første året

byggfag.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Du som vel Vg1 Bygg- og anleggsteknikk bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig.

  • Du bør kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Interesse for ny teknologi er òg viktig.
  • Utdanningsprogrammet fører fram til ei rekke yrke innanfor bygg- og anleggsteknikk:
  • Treteknikk (m.a. tømrar), mur og betong (m.a. murar), tekniske fag (m.a. røyrleggar), overflate (m.a. målar), m.fl.
  • Helse, miljø og tryggleik står sentralt i desse yrka, der det å arbeide med teikningar og beskrivingar, samt dokumentasjon er svært viktig.

Andre året

bygg-gulv-montering.jpg

Vg2 Byggteknikk fører fram til følgjande yrker

  • tømrar
  • murar
  • betongfag
  • stillasfag

I tillegg kan du etter fullført Vg2 utdanne deg vidare i Vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Bygg_R+©r_b.jpg

Vg2 Klima, energi og miljøteknikk fører fram til følgjande yrke:

  • røyrleggar
  • ventilasjon og blekkslagar
  • taktekkar
  • drift- og vedlikehaldsoperatør

I tillegg kan du etter fullført Vg2 utdanne deg vidare i Vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Ta kontakt for meir informasjon

Avdelingsleiar
Profilbilde av Kenneth Sandstrøm

Kenneth Sandstrøm

Send e-post
Rådgjevar
Profilbilde av Kurth Ove Mikalsen

Kurth Ove Mikalsen

Send e-post