Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

MILJØFYRTÅRN og BREEAM sertifisert

miljofyrtårn.jpg

Skulen er sertifisert som Miljøfyrtårn. Skulen er ein av om lag 7 800 (pr. 25.09.21) andre verksemder i Norge som ønskjer å vere eit fyrtårn for miljø og klima. Ved denne sertifiseringa må skulen oppfylle 38 krav som omfattar internkontroll, HMS, arbeidsmiljø, innkjøp og materialbruk, energibruk, transport, avfall, utslepp og estetikk.

Har du lyst til å bidra til lågare klimagassutslepp og eit betre miljø? Som elev eller tilsett ved Åsane vidaregåande skule må du kjeldesortere avfallet ditt og delta i skulen sine miljøaktivitetar. Det er fint om du ynskjer å bidra i miljøarbeidet, ta gjerne initiativ i klassen din og gjennom elevrådet.

Det som er så flott med miljøsertifisering er at du kan vere trygg på at det vesle du gjer, gjer ein forskjell. Det er fordi systemet omfattar alle.

I tillegg til å være miljøfyrtårnsertifisert er skolebygget BREEAM sertifisert med graden excellent. Lenke til ferdigsertifikat:

Breeam sertifikat