Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

eLEV- OG HELSETENester

Skulen har forskjellige tenester for å hjelpe deg som elev. Vi har samla nokre av desse tenestene her.

Elevtenester

Rådgjevarar elevtenesta

Våre rådgjevarar kan gi deg råd og rettleiing i val av fag og vidare utdanning slik at du finn det som passar best for deg. Dei kan òg hjelpe deg med personlege og sosiale spørsmål som har betydning for opplæringa.

Rådgjevarar har teieplikt, og dei hjelper deg der du måtte trenge det i skulekvardagen.

Ønsker du å snakke med ein av rådgjevarane, kan du anten kome innom kontoret deira eller avtale tid på e-post. Kontora er i hovudbygget, i første etasje ved resepsjonen.


Leiar for elevtenesta

Leiar for elevtenesta skal jobbe for at elevane blir ivaretatt på best mogleg måte på skulen. Han samarbeider med elevrådet, Skulemiljøutvalet og russestyret, og er involvert i dei sosiale aktivitetane på skulen.

Førebyggande og oppfølgande tiltak i samband med fråvær/fråfall, åtferdsproblem, rus og mobbing er blant hovudoppgåvene til leiaren for elevtenesta, og han er bindeledd mellom skulen og eksterne instansar som PPT, politi og barnevern.

Viss du treng hjelp til å løyse vanskelege forhold på skulen, eller har spørsmål, kan du kome innom på kontoret hans i første etasje (ved resepsjonen) eller sende ein e-post.

Avdelingsleiar
Hermund Solvi
Rådgjevar
Aina Helland
Rådgjevar
Grethe K. Nilsen
Rådgjevar
Kari Austgulen Hestnes
Rådgjevar
Kurth Ove Mikalsen

HELSETENESTER

Hildegunn Kvåle og Linda Bratland Lund er helsesjukepleiarar på skulen. Hildegunn er til stades måndag, tirsdag, onsdag, torsdag og annakvar fredag. Onsdagar er ho på skulen frå klokka 11:30. Linda er til stades annakvar måndag i oddetal og onsdagar i partalsuker.
Du kan ringe og bestille tid eller berre kome innom på drop in. Elevar kan ta kontakt med helsetenesta på telefon og epost sjølv om skulen er stengt.

Du kan ringe og bestille tid eller berre kome innom. Elevar kan ta kontakt med helsetenesten på telefon og epost sjøl om skulen er stengt.

tlf: 945 01 913

Helsesjukepleiar
Hildegunn Kvåle
Helsesjukepleiar
Linda Bratland Lund


Psykolog Rigmor Dos Santos er til stades tirsdagar og torsdagar.
Lege Reyes er til stades kvar fredag, ring 408 12 515 for avtale.


Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med?

Hos helsesjukepleiar kan du mellom anna snakke om tema du er oppteken av, for eksempel kropp, psykisk helse, kosthald, seksualitet, prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar (kan teste for klamydia/gonoré), rus, hjelp til å takle ein vanskeleg situasjon, samliv, vaksinar, fysiske plager, syn/høyrsel. Du kan også få gratis kondom hos helsesjukepleiar.

Vi har drop-in, så du kan kome på døra utan avtale. Du kan også sende ein sms dersom du ønskjer å få tilsendt timeavtale. Lærarane kan også kontakte helsesjukepleiar dersom ein elev ønsker ein avtale.

Dersom du ønsker anna helsefagleg hjelp eller behandling, kan helsesjukepleiar og skulelege tilvise deg til rette vedkommande.

Kontoret til helsesjukepleiar ligg i første etasje, inngang A.

Det finst mange nettsider som kan vere nyttige for deg som er ung og undrande. Helsesjukepleiar anbefaler:

Informasjon for unge: Ung.no
Rådet for psykisk helse
Nullmobbing