Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elever og føresette

Her vil du finne viktig informasjon om Studiesenter, fraværsregler og ordensreglement.

STUDIESENTER

Studiesenteret er eit tilbod der elevar kan få hjelp i norsk, engelsk og matematikk.

Søk om plass

Alle elevar i Vg1 gjennomfører kartleggingsprøver i norsk, engelsk og matematikk ved skulestart. Resultata frå prøvene blir viktige når du skal søke om plass på Studiesenteret.

Før du kan søke om plass, må du ha ein samtale med faglærar. Det er mange som søker om plass, og ein vurderer fortløpande i kva grad elevar som har fått plass, nyttar seg av tilbodet. Faglærar eller kontaktlærar vil hjelpe deg med å fylle ut ein søknad om plass ved Studiesenteret.

Du får plass på Studiesenteret for ein periode på åtte veker, med moglegheit for forlenging av tilbodet.

Studiesenteret finn du i tredje etasje i hovudbygget (rom 326).

Meir om Studiesenteret

Som elev kan du arbeide her når:

  • du har fått plass og signert kontrakten
  • du har bruk for hjelp med skulearbeid
  • du er NyGiv- elev
  • du respekterer regler for god oppførsel

På Studiesenteret får du:

  • tett oppfølging
  • hyppige evalueringar og tilbakemeldingar
  • tilrettelagt undervising, materiell, oppgåver og testar

Vi forventar at du:

  • følgjer trivselsreglane for Studiesenteret
  • viser god innsats og er motivert i dei timane du er på Studiesenteret
  • set deg mål i faget og jobbar for å oppnå dei
  • møter presis til timen, og gir beskjed viss du er forhindra frå å møte
  • unngår misbruk av pc/internett og mobil når du er på Studiesenteret

FRÅVÆR OG ORDENSREGLEMENT

Informasjon om fråvær

Eleven er pliktig å melde frå om fråvær same dag. Dette kan eleven gjere ved å sende ei melding til kontaktlæraren sin på it’s learning eller e-post, eller ta kontakt med ekspedisjonen på skulen.

Nye fråværsreglar

Frå 01.08.16 blei det sett i verk nye fråværsreglar i vidaregåande skule. Dersom elevar har meir enn 10 % udokumentert fråvær i eit fag, kan ein ikkje sette halvårsvurdering eller standpunktkarakter i faget for skuleåret.

Slik kan det bli på nye Åsane videregående skole