Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Yrkesfagleg grunnutdanning

Dette er eit praktisk utdanningstilbod for deg som lærer best gjennom praktisk arbeid og som ønskjer å oppnå ei grunnleggande yrkesutdanning.

Vi legg vekt på at eleven får utvikle yrkesfagleg kompetanse og sosial handlingskompetanse som kvalifiserer for arbeid i privat og offentleg arbeidsliv.

Kven er dette for?

Yrkesfagleg grunnutdanning er eit skreddarsydd opplæringstilbod for:

  • elevar som synes at ungdomsskulen har vore vanskeleg og for teoretisk
  • elevar som lærer best gjennom praktisk arbeid
  • elevar som trur at karakter i alle fag i vidaregåande skule blir vanskeleg å oppnå

Utdanningsprogram

Vi tilbyr yrkesfagleg grunnutdanning innanfor følgjande utdanningsprogram:

  • Teknikk og industriell produksjon - Mekaniske fag
  • Design og handverk - Frisør
  • Helse- og oppvekstfag - Barne- og ungdomsarbeidar og Helsearbeidarfaget