Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvardagslivstrening

Kvardagslivstrening er for elevar som treng stor grad av tilrettelegging og oppfølging.

Årstad videregående skole tilbyr nye funksjonelle lokale og erfarne team av lærarar og assistentar. Elevar på kvardagslivstrening får oppfølging i ei gruppe som består av fire elevar med assistentar.

Målet er at elevane skal oppnå kunnskapar og ferdigheiter som kan føre til ei tilsetting på eit dagsenter eller i eit varig tilrettelagt arbeid.

Gjennom praktiske arbeidsoppgåver får eleven moglegheit til å utvikle samspel- og kommunikasjonsferdigheitene sine, sjølvstende i forhold til arbeid og aktivitetar i dagleglivet (ADL-ferdigheiter).

Eleven utviklar også evna til å stå i eit arbeid, og å opparbeide og vedlikehalde dei motoriske ferdigheitene sine.

Nokre stikkord om kvardagsliv:

  • Ny-oppussa lokale, lyse og store klasserom
  • Bruk av alternative og supplerande kommunikasjon
  • Arbeidsoppgåver i og for skulemiljøet
  • Tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Vi vektlegg eleven si utvikling av sosial kompetanse
  • Opplæring føregår individuelt, i klassen, i større gruppe og i fellesareal på skulen
  • Aktiv bruk av hjelpemidlar, mellom anna nettbrett, smartboard, pc og rolltalk