Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arbeidslivstrening

Tilbodet vårt innan arbeidstrening er berekna på elevar med behov for god struktur og tilrettelegging. Elevane, i grupper på 4-6, får tett oppfølging.

 Mål for utdanninga er å kvalifisere elevane til varig tilrettelagt arbeid i vekstbedrift eller tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd.

Vi tilbyr Arbeidstrening (HTA) innanfor utdanningsprogramma Helse og oppvekst og Design og handverk.  Tilbodet tar utgangspunkt i fag- og kompetansemål frå utdanningsprogramma (program- og fellesfag), men blir tilpassa kvar enkelt elev sine føresetnadar. Innanfor kvart programområde har vi to tilbod.

I faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), får elevane også moglegheit til å prøve ut praktisk arbeid i dei andre gruppene. Skulen samarbeider med fleire tilrettelagte bedrifter for utplassering som ledd i opplæringa. Dette skjer vanlegvis to til tre gonger i løpet av opplæringa.

Helse- og oppvekstfag (HO)

Vaskeri og helsefremjande arbeid

Det praktiske arbeidet føregår på to verkstader – eit vaskeri og eit kjøkken. I vaskeriet skal elevane betene vaskemaskinar og tørketromlar. I arbeidsrommet føregår ferdiggjering av tøy.  Rulling, stryking og klargjering for levering. Bod går inn som ein del av arbeidet. 

På kjøkkenet består arbeidet av enkel matlaging. Ernæring og helsefremjande arbeid er opplæring knytt til kjøkkenarbeidet. Hygiene blir vektlagt i alt det praktiske arbeidet.

Matproduksjon og helsefremjande arbeid

På eige kjøkken får elevane produsere mat til sal i skulen si kantine. I tillegg blir det servert mat til møter og mindre kurs på skulen. Det blir produsert ulike typar brødmat med variert pålegg, salatar, varme og kalde rettar samt ulike typar bakverk. Hygiene knytt til matlaging for sal bli vektlagt.

Ernæring og helsefremjande arbeid er opplæring knytt til kjøkkenarbeidet.

I begge gruppene blir kommunikasjon og samhandling knytt til å utvikle elevane sin sosiale kompetanse. Dette inneber mellom anna samarbeid, uthald, sjølvstendigheit og å ta ansvar. Planlegging og evaluering er også viktige delar av opplæringa.

Design og handverk (DH)

Trearbeid

Det praktiske arbeidet i produksjon føregår i ein verkstad for trearbeid. Elevane jobbar med saging, hamring, pussing, montering og maling. Dei produserer mellom anna smørebrett med kniv, fuglebrett og bie-hotell for sal. I tillegg reparerer dei brukte møblar for kundar.

Kvalitet og dokumentasjon er opplæring knytt til det praktiske arbeidet.

Medieproduksjon (kontor/grafisk)

I produksjon blir det arbeida praktisk mellom anna med trykk, kopiering og innbinding. I tillegg består arbeidet av:

  • Førtrykk/tekstbehandling: Produsere enkle tekstar, bruke skanner og program som Adobe InDesign og Word
  • Kopiering/ferdiggjering: Skrive ut frå PC i rett format og papirtjukkleik, bruke kopimaskin til skanning og sorterings-/grupperingsarbeid for evt. ilegg i konvolutt etc.
  • Trykk på tekstil (T-skjorter og bager)
  • Kommunikasjon/bodteneste: Ta imot kundar, vere bod, arkivere post og utføre arkiveringsarbeid.

Elevane utfører arbeid både for interne- og eksterne kundar. Kvalitet og dokumentasjon er knytt til det praktiske arbeidet.

Sosiale mål for opplæringa på Arbeidslivstrening

I alle gruppene på Arbeidstrening legg vi vekt på sosial læring kor det er viktig å:

  • Møte presis og kvar dag
  • Gi beskjed ved fråvær
  • Vere sjølvstendig
  • Vise andre respekt
  • Vere aktiv i fellesskapet
  • Vere interessert i å lære nye ting
  • Lytte og vere open for andre
  • Lære sosiale normer