Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Verkstadene på teknologiavdelinga er nye og utstyrt med topp moderne maskinar og apparat som blir brukt i industrien. Lærarane våre har ein svært brei og spesialisert teknologisk kompetanse.

På Årstad videregående skole vil du kunne gå vidare på Vg2 i desse faga:

  • produksjons- og industriteknikk
  • kjøretøy
  • laboratoriefag

Det er gledeleg at stadig fleire jenter søkjer seg til TIP-tilboda våre. Elevundersøkinga viser høg trivsel blant elevane våre.

Søk skuleplass

Kvifor velje Teknikk og industriell produksjon?

Teknikk og industriell produksjon (TIP) fører fram til yrke innan teknisk industri, oljebransjen, skipsindustri, tekoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri, laboratorium innan sjukehus og forsking.

For alle yrkesfaga er samarbeid med næringslivet viktig. I faget prosjekt til fordjuping er yrkesrettleiing og utplassering i næringslivet vesentleg.

Skulen vår har avtale med mange bedrifter om praksisperiode for elevane. Desse kan strekke seg over mange veker, og gir elevane ein god anledning til å få innpass i næringslivet og dermed kunne skaffe seg lærekontraktar.

Les meir om faget på vilbli.no

Første året

_DsC_5959 (2).jpg

Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)

I nye, topp ustyrte verkstader får du øve på å lage ulike produkt etter teikningar og instruksjon frå kyndige lærarar, og ved hjelp av kostbart moderne teknologisk utstyr. Opplæringa er yrkesrelatert.

Som elev på Vg1 vil du få grunnleggande og enkel trening i alle deler av ein produksjonsprosess med planlegging, produksjon, vedlikehald, dokumentasjon og kvalitetssikring.

Eit viktig perspektiv i opplæringa er å behandle menneske, miljø og produksjonsapparat med respekt.

Læreplan Vg1 TIP

Andre året

_DSC5979.jpg

Vg2 Industriteknologi

Skulen har gode verkstader og lang erfaring i å utdanne fagfolk innan mekaniske fag. Opplæringa i Industriteknologi vil gi deg kompetanse innan industriteknologisk produksjon og montasje.

Du vil også lære mykje om drift og vedlikehald av maskinar og teknisk utstyr.

Utvikling av fagleg innsikt, praktiske ferdigheiter, nøyaktigheit og ordens- og sikkerheitsforståing står sentralt i faget.

Læreplan Vg2 Industriteknologi
_MwF8324.jpg
Køyretøy.jpg

Vg2 Køyretøy

Som elev i køyretøyfaget vil du lære om motorar, mekanikk og elektronikk på lette køyretøy.

Vi tilbyr nye, moderne verkstader og lang erfaring med utdanning av dyktige bilmekanikarar.

Vanlege arbeidsoppgåver på verkstaden går ut på å:

  • søke etter elektroniske feil ved bruk av PC eller diagnoseverktøy
  • søke etter mekaniske feil
  • gjennomføre service og vedlikehald av køyretøy
  • utføre reparasjonar og skifte deler

Skulen vår har avtale med mange bedrifter om praksisperiode for elevane. Praksisperiodane kan strekke seg over mange veker, og gir deg god anledning til å få innpass i næringslivet, og moglegheit for å skaffe deg lærekontrakt.

Kjøretøy Vg2 er grunnleggande for den vidare opplæringa i bedrift.

Som lærling kan du spesialisere deg innan lette køyretøy, tunge køyretøy, motormekanikarfaget, motorsykkelfaget og reservedelsfaget.

Læreplan Vg2 Køyretøy
ImG_6608.JPG

Vg2 Laboratoriefag

Laboratoriefag Vg2 legg grunnlag for yrkesutøving i laboratorium i industrien, medisinske laboratorium, utdannings- og forskingsinstitusjonar, mattilsyn, miljøvern, politi og tollvesen. Omsynet til samfunnet sine behov for kontroll på område som kvalitet, miljø og smittevern stiller høge krav til arbeidet i laboratorium. Derfor blir det også stilt høge læringskrav til deg som kjem inn på denne utdanninga.

Opplæringa er praksisnær og bidrar til at du blir godt kjent med laboratorias krav til nøyaktigheit, varsemd og etikk. Det inneber innblikk i ulike metodar, val av material og produkt, og arbeid med dokumentasjon og kvalitetssikring.

På Årstad videregående skole tilbyr vi eit nytt og svært godt utstyrt laboratorium, og vi har lang erfaring med å utdanne dei beste fagfolka på feltet. Vi er ein av berre fire skular som tilbyr denne utdanninga i Norge.

Læreplan Vg2 Laboratoriefaget

Vegen vidare

Etter 2 år på skule kan du søke læreplass i godkjente bedrifter, eller du kan ta Påbygging til generell studiekompetanse.

Bli lærling Søk læreplass

Ta kontakt for meir informasjon

Avdelingsleiar
Profilbilde av Øyvind Bønes

Øyvind Bønes

Send e-post 40615528