Vg2 Studiespesialisering
1. Språk, samfunnsfag og økonomi m fokus på innovasjon, design og bærekraft
Årstad tilbyr ein pakke programfag som gir fordjuping innanfor språk, samfunnsfag og økonomi på studiespesialiserande på Vg2. I pakken inngår programfaga:
- Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
- Marknadsføring og leiing 1
- Design og berekraft (lånt frå programområdet Kunst, design og arkitektur).
I desse faga får du presentert ulike praktiske problemstillingar som skal løysast for å forbetre kvardagen for ulike målgrupper. For å klare dette må du lære deg å bli innovativ, tenke bærekraft og utvikle design (i samarbeid med dei andre avdelingane på skulen) som skal fungere i ein marknad.
Bedriftsetablering og -utvikling vil inngå i opplæringa. Det er eit tett samarbeid mellom faga og du må bruke kunnskap frå alle tre faga for å løyse problemstillingane.
Skulen har eit utstrakt samarbeid med lokalt næringsliv, høgskular og organisasjonar. Dette gjer vi for at utdanninga skal vere så verkelegheitsnær og framtidsretta som mogleg.
Presentasjon med meir informasjon om tilbodet.
2. Realfag, med vekt på teknologi og forskingslære
Innafor realfag vil vi og tilby ei pakke med fag som vil kvalifisere deg for dei fleste ingeniørutdanningar. Her vil vi fokusere på teknologi, forsking og berekraft og opplæringa vil skje i samarbeid med dei andre avdelingane på skolen. Gjennom ulike prosjekt vil du få byggje robotar, forske på hypotesar og gjere anna praktisk arbeid. Hos oss vil du oppleve koplinga mellom teori og praksis og at det kan vere lettare å lære og forstå teori når han vert nytta i praktiske øvingar og arbeid.
Programpakke: Matematikk R1, Fysikk1, Teknologi og forskingslære
Fysikk 1
Fysikk er ein måte å modellere naturen på der arbeidsmetoden er praktisk tenking kombinert med matematikk. I fysikk 1 får du ei brei innføring i dei grunnleggande områda: bevegelse, Newton’s lover, mekanisk energi, termofysikk, bølgjer, atomfysikk, kjernefysikk, astrofysikk, elektrisitet og halvleiarkomponentar. Fysikk er ein kompetanse som passar inn i mange delar av det moderne, teknologiske samfunn.
Teknologi og forskningslære
Faget høver godt for ein nysgjerrig og kreativ elev som ønsker å få ein smakebit på ingeniørfag innan både elektronikk, koding og mekanisk design.
Vi tilbyr dette faget som eit praktisk ingeniørfag fordi Årstad videregående skole har eit breitt utval av profesjonelt mekanisk produksjonsutstyr som kan framstille avanserte produkt. Skolen har mellom anna avanserte CNC maskiner ("3D skrivar" for metall) i tillegg til tradisjonelle 3D skrivarar.
Hovudprosjektet i Teknologi og forskingslære kommande år vil vere å bygge ei drone ved hjelp av innkjøpte og eigenproduserte delar. Her vil du trenge å tenke både fysikk, matematikk, elektronikk, programmering, engineering og mekanisk design.
Kor mykje kraft må til for å løfte drona? Kva sensorer treng ein for å gje drona eit balansert løft? Korleis skal eg programmere motorane for at drona skal fly kontrollert? Kor mykje batteri er det lurt å bruke? Kor langt kan drona fly? Kva for materialer høver best?
Mange av svara kan ein finne gjennom kalkulasjonar, men noko må ein teste ut praktisk. Vil du designe og produsere din eigen propell?
Faglærar som også hjelper deg med R1 og Fysikk 1 har 18 år med erfaring frå teknologisk forsking og utvikling.
Er du interessert i droner og har fullført vg1 med 1T er du velkommen til å søke deg inn hos oss.