Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Kan eg søke?

Du kan søke dersom du har fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande og kan dokumentere det.

Du kan søke frå det året du fyller 16 år.

Du må ha lovleg opphald i Norge.

Søk innføringskurs

Korleis søkjer eg?

Du kan søke plass på internettsida vigo.no. Brukarnamn og passord  får du i  MinID.

Viss du har mista MinID kan du ringe 800 30 300 eller sende e-post til brukerstotte@difi.no for å få ny.

Har du ikkje MinID, kan du sende søknad direkte til Opplæringsavdelinga.

Opplæringsavdelinga

Kva er innføringskurs?

Er du nettopp kome til Norge, anbefaler vi deg å velje innføringskurset før du søkjer deg inn på Vg1.  Innføringskurset varer i eitt skuleår og gir deg ei grundig innføring i norsk. 

Du får også opplæring i andre fag som matematikk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og kroppsøving.

Lokal læreplan for innføringsklassane

Ta kontakt for meir informasjon

Avdelingsleiar
Profilbilde av Arthur Tøsdal

Arthur Tøsdal

Send e-post 40768166