Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Innanfor helse- og oppvekstfaga våre vil du arbeide prosjektorientert og tverrfagleg gjennom heile året. All teori blir satt inn i ein praktisk samanheng, og på denne måten får du god oversikt over faget.

Helse- og oppvekstfag er eit spennande og lærerikt programområde for alle som ønskjer å lære meir om menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

Vg1 er felles for alle som tar helse- og oppvekstfag. På Vg2 tilbyr vi:

  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Vg2 Helsearbeidarfag
  • Vg2 Hudpleie
  • Vg3 Hudpleie
Søk skuleplass

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Vel du helse- og oppvekstfag får du mange karrieremoglegheiter og kan jobbe med menneske i forskjellige aldersgrupper og livssituasjonar.

Du kan bli:

  • helsefagarbeidar eller ambulansearbeidar
  • barne- og ungdomsarbeidar
  • apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær
  • hudpleiar, fotterapeut eller ortopediteknikar

Du som vel helse- og omsorgsfag bør vere omsorgsfull, flink til å kommunisere og god til samhandle med menneske med forskjellig bakgrunn og livssituasjon.

På vilbli.no får du meir informasjon om kva programfag du kan velje etter Vg1.

Vilbli.no

Første året

Helse.jpg
_DSC5379.jpg

Vg1 Helse- og oppvekstfag

I Helse- og oppvekstfag vil du lære å møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte. Du får utvikle evne til å samarbeide med andre yrkesgrupper, fremje trivsel, fysisk og psykisk helse og ivareta brukarmedverknad og pasientrettar.

Med fullført Vg1 kan du gå vidare her hos oss på:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Helsearbeidarfag
  • Hudpleie

Alternativt kan du søke andre skular og halde fram med utdanning innan:

  • Ambulansefag
  • Fotterapi og ortopediteknikk
  • Helseservicefag
  • IKT-servicefag (kryssløp)

Arbeidsmoglegheitene er mange og varierte om du vel ei utdanning innanfor Helse og oppvekstfag.

Læreplan Vg1 Helse- og oppvekstfag

Andre året

_DsC5937.jpg

Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag

Her vil du lære å legge til rette for aktivitet, glede og livsutfalding for barn og unge. Barne- og ungdomsarbeidarar skal vere tydelege rollemodellar som ser det enkelte individet, og er medviten på dei utfordringar barn og unge har i eit fleirkulturelt samfunn.

Du får utvikle evna til kommunikasjon i møte med barn, unge og foreldre, tilpassa kulturtilhøyrsle, funksjonsnivå og livssituasjon. Opplæringa er tverrfagleg og praksisnær og bli avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen.

Etter Vg2 kan du søke læreplass. Læretida går over to år på ulike arbeidsstadar slik at du som lærling får brei erfaring i å jobbe med barn og unge i alderen 0-18 år.

Jobbmoglegheitene for ein fagperson er i hovudsak: barnehage, SFO, støttefunksjonar i grunnskule og vidaregåande skule, barne- og ungdomsklubbar og ulike organisasjonar for barn og unge.

Læreplan Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Helse2.jpg

Vg2 Helsearbeidarfag

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke der eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktig, og der det blir stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.

Helsefagarbeidaren arbeider med praktisk pleie-, omsorg- og miljøarbeid i ulike institusjonar som sjukeheim, dagsenter, bufellesskap, heimebaserte tenester m.m. Helsefagarbeidaren skal kunne observere og bruke kunnskap om ulike sjukdommar, skader og lidingar, til å sette i verk førebyggjande eller behandlande tiltak.

Opplæringa er tverrfagleg og praksisnær og blir avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen. Etter Vg2 kan du søke læreplass. Læretida går over to år.

Læreplan Vg2 Helsefagarbeidar
_MwF9769.jpg

Vg2 Hudpleie

Hudpleiefaget skal fremje velvære og god helse. Som elev vil du få utvikle kritisk og etisk tenking omkring eit samfunn med ulike venleiksideal. Du vil utvikle kunnskap om og respekt for andre, og evna til å møte menneske i ulike livssituasjonar. Undervisninga er heilskapleg og praksisnær.

Opplæringa i hudpleie skal bidra til å utvikle praktiske ferdigheiter i hud- og kroppspleie og kunnskap om apparat, produkt og ulike behandlingsmetodar. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evna til god kommunikasjon, kunderettleiing og service, og å utvikle kompetanse for sal, marknadsføring og drift av hudpleierelaterte bedrifter.

Opplæringa skal fremje estetisk sans, kreativitet, sosiale ferdigheiter og yrkesetisk forståing. Gjennom opplæringa får du utvikle evna til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.

Opplæringa gir grunnlag for vidare utdanning som hudpleiar på Vg3.

Læreplan Vg2 Hudpleie

Tredje året

_DsC5458.jpg

Vg3 Hudpleiar

Programområde for hudpleiar legg grunnlaget for yrkesutøving innan pleie og behandling av hud og kropp. Som elev vil du få utvikle kritisk og etisk tenking omkring eit samfunn med ulike ideal for utsjånad. Hudpleiarfaget skal bidra til velvære og helse.

Gjennom opplæringa får du utvikle praktiske ferdigheiter og fagleg innsikt i pleie og behandling av hud, hår og negler. Vidare får du utvikle ferdigheiter i bruk av ulike apparat, produkt og behandlingsmetodar innan hudpleie.

Opplæringa skal medverke til at hudpleiaren utviklar evne til å yte service og kommunisere og samhandle med ulike brukarar og samarbeidspartnarar. Den vil gi deg kompetanse innanfor sal, marknadsføring og drift av hudpleierelaterte bedrifter. Opplæringa vil også fremje din estetiske sans og kreativitet.

Undervisninga er praksisnær og heilskapleg. Fullført og bestått opplæring fører fram til yrkeskompetanse. Yrkestittel er hudpleiar.

Læreplan Vg3 Hudpleiar

Vegen vidare

Etter 2 år på skule kan du søke læreplass i godkjente bedrifter. Etter 3 år og med generell studiekompetanse kan du  søke høgare utdanning.

Søk læreplass Bli lærling Samordna opptak Utdanning.no

Ta kontakt for meir informasjon

Avdelingsleiar
Profilbilde av Arthur Tøsdal

Arthur Tøsdal

Send e-post 40768166