Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Årstad videregående skole har eit stort tilbod innan frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.

Studiet er for deg som liker å arbeide med hendene. Du får jobbe praktisk i verksteder og prøvd dine kreative evner.

Kva kan du bli?

Frå frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign kan du velje mellom mange yrke, som blomsterdekoratør, frisør, interiørkonsulent, utstillings- eller profileringsdesigner og maskør- og parykkmaker.

Våre frisørelevar deltar i bergensmesterskapet og i NM i frisørfaget, og Årstad-elevar har utmerka seg i fleire år med topplasseringar.

Første året

_DsC4693.jpg

Vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

Meir informasjon vil komme etterkvart. Du kan lese meir på vilbli.no sine sider.

Andre året

_DsC4735.jpg

Vg2 Frisør

I frisørfaget vil du arbeide med praktiske øvingar i grunnleggande teknikkar med farging, klipp, føn, oppsetting av hår, fletting av hår og strukturomforming. Kundebehandling er sentralt i programfaget, kor du lærer mykje om kommunikasjon med kunder. Programfaga omfattar markedsføring, presentasjon og dokumentasjon av eigen kompetanse. Du får og opplæring i bruk av digitale verktøy.

I løpet av skoleåret vil du vere utplassert i frisørsalong i fire veker. Mange elevar skaffar seg ein framtidig læreplass i løpet av utplasseringsperioden. Etter Vg2 frisør kan du gå ut i lære i to år og ta fagbrev, eller ta påbyggingsfag som gir generell studiekompetanse for evt. høgskolestudier i frisering og styling i inn- og utland.

Frå skoleåret 20/21 vil det bli nye læreplaner. 

Læreplan vg2 Frisør
_DSC4824.jpg

Vg2 Interiør og utstillingsdesign

Du får delta i mange og spanande prosjekt i løpet av dette skoleåret. Undervisninga er prosjektretta, og vi arbeider i periodar med oppløyst timeplan. I løpet av året vil du lære om alle vesentlege rom i ein bolig som kjøkken, bad, stove og soverom.  For å halde oss orientert om bransjen reiser vi til messer nasjonalt og internasjonalt.

Du vil vere ute i praksis i løpet av perioden, for å prøve deg i arbeid som du kan tenke deg. Lærarane som underviser i klassene er utdanna som arkitektar (MNAL) og interiørarkitektar (MNIL). Dei har god kontakt med næringslivet, noko som gjer undervisninga relevant og nyttig for deg.

Interiør- og utstillingsdesign fører vidare til Vg3 Interiør, som gir yrkeskompetanse med tittel Interiørkonsulent.

Aktuelle arbeidsstader etter utdanning er interiørkonsulent i eigen praksis, interiørarkitekt-/arkitektkontor, møbel- og utstyrsforretninger, kjøkken- og badeinnredning-forretningar, byggevarebransjen - eller med "styling" i samarbeid med fotograf eller eigedomsmeglar. 

 Frå skoleåret 20/21 vil det bli nye læreplaner. 

IMG_4804.jpg

Vg2 blomsterdekoratør

Blomsterdekoratørfaget byggjer på ei tusenårig historie. Programfaga fører vidare gamle teknikkar i nye uttrykk. Du får vere med på å skape vakker og stemningsfull design i kvardagen, og ei verdig og personleg ramme for store hendingar i livet.

Du vil lære å planleggje og skape aktuelle faglege produkt tilpassa formål, sesong og kunden sine behov. For å medverke til berekraftig utvikling, skal opplæringa fremje forståing av marknadsmekanismar, ressursforvaltning og helse, miljø og tryggleik.

Det vil vere mykje praktisk arbeid med materiale og teknikkar. Du vil få handverksmessige kunnskapar og ferdigheiter, teoretisk forståing og evne til kritisk refleksjon.

Frå skoleåret 20/21 vil det bli nye læreplaner. 

Tredje året

_MwF9581.jpg

Vg3 Interiør 

På Vg3 interiør arbeider du med programfaga interiør og presentasjon. Dette er eit djupdykk i faget som du har fått grunnopplæring i på Vg2.  Elevane reiser kvart år til den store møbelmesssen i Køln, noko samtlege elevar seier gjer dei stort utbyte. Du vil vere utplassert i bedrift to veker av skoleåret.

Bestått opplæring i interiørfaget fører deg fram til yrkeskompetanse og yrkesnemninga interiørkonsulent. Som interiørkonsulent kan du arbeide med møbeldesign, interiør og design av rom i offentlige og private bygninger.

Læreplan Vg3 Interiør

 

Vegen vidare

Etter 2 år i skole kan du søke læreplass i godkjende bedrifter. Etter 3 år med generell studiekompetanse kan du søke høgare utdanning.

Søk læreplass Bli lærling Samordna opptak

Ta kontakt for meir informasjon

Avdelingsleiar
Profilbilde av Rita Gjerde

Rita Gjerde

Send e-post 41234761