Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Håndverk, design og produktutvikling

Håndverk, design og produktutvikling er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Vi gir deg med kreative evner som liker å arbeide med hendene, gode høve for utforsking og læring. 

Utdanningsprogrammet har stor fagleg bredde, og bygger på rike tradisjonar innan håndverk, materialar og kultur. Våre faglærarar har solid kunnskap og eit omfattande nettverk fra private og offentlege verksemder.

Kva kan du bli?

Frå håndverk, design og produktutvikling kan du velje mellom mange yrke. Du kan mellom anna bli kostymesyer, gull eller sølvsmed, urmakar, kjole- og draktsyer, skreddar, bunadtilverkar, modist, skomakar, møbelsnekkar, smed eller keramikar.

Tidlegare Årstad-elevar som til dømes  T-Michael og Kristian Aadnevik, har markert seg på den nasjonale og internasjonale designerarenaen.

Første året

_DsC4693.jpg

Vg1 Håndverk, design og produktutvikling

Meir informasjon vil komme etterkvart. Du kan lese meir på vilbli.no sine sider.

Andre året

_DSC4759.jpg

Vg2 Design og tekstil

På Design og tekstil får du øve opp dine kreative evner ved å designe og produsere mellom anna klær, kostyme og hattar. Du får arbeide med søm, konstruksjon og mønstre. Du kan også arbeide med trykk og fargeteknikkar, samt digitale verktøy som foto og bildebehandling.  

Lærarane har god kontakt med næringslivet, noko som gjer undervisninga relevant og nyttig for deg når du mellom anna skal ut i praksis. På Vg2 vil du vere utplassert i bedrift i ei veke.

Undervisninga i programfaga er prosjektretta, og prosjekta kan til dømes vere nye trender for haust og vår, motevisning, gjenbruk,  strikk og foto. Vi har og mange spanande prosjekt med andre aktørar til dømes Bergen kulturskole, Os kulturskole, og Skyss.  Elevane på tekstil har fleire gongar laga kostyme for teateroppsettingar.

Frå skoleåret 20/21 vil det bli nye læreplaner. 

Læreplan vg2 Design og tekstil

Tredje året

_MwF9521.jpg

Vg3 Kjole og draktsyerfag, fagopplæring i skole (2 år)

I kjole- og draktsyerfaget vil du få lage klær tilpassa enkeltkunder samt klær til mindre kolleksjonar. Behov og etterspørsel vert endra i tråd med moter og trendar. Kjole- og draktsyerfaget skal dekke samfunnets behov for målsydde og handverksproduserte klær der form, farge og materialar er tilpassa den enkelte.

Opplæringa skal stimulere til kreativitet og estetisk medvit og utvikle kompetanse i:

  • Praktisk arbeid med ulike materialar
  • Bruk av maskinar og verktøy i kjole- og draktsyerfaget
  • i arbeid med form farge og ulike sømteknikkar
  • mønsterkonstruksjon og innprøving av plagg

Fullført og bestått opplæring fører fram til svennebrev. Yrkestittel er kjole- og draktsyer.

Læreplan Vg3 Kjole og drakt

 

VEGEN VIDARE

Etter 2 år i skole kan du søke læreplass i godkjende bedrifter. Etter 3 år med generell studiekompetanse kan du kan du søke høgre utdanning.

Søk læreplass Bli lærling Samordna opptak

TA KONTAKT FOR MEIR INFORMASJON

Avdelingsleiar
Profilbilde av Rita Gjerde

Rita Gjerde

Send e-post 41234761