Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skolehelsetenesta

Vi held ope alle dagar.  Du finn oss i 2. etg, i B-bygget

Kva kan vi hjelpe med?

Vi gir tilbod til alle elevane på skolen. Du kan sjølv oppsøke oss om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.  Her er nokre døme på kva vi kan hjelpe deg med:

  • Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
  • Kroppslege plagar
  • Psykiske vanskar som depresjon, angst eller sinne
  • Spørsmål om seksualitet
  • Prevensjonsrettleiing og resept på p-piller
  • Vektproblem, vanskar med mat og spising
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Bruk av anabole steroider
  • Vald, eller overgrep

Vi har opent alle dagar frå 09:00 - 14:00

SKOLEMOBIL NYTTAST TIL SMS:92613563

Lege

Skolelegen kan treffast etter avtale. Gjer avtale med helsesøster.

Psykolog

Skolepsykologen kan treffast etter avtale. Gjer avtale med helsesøster.