Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elev- og lærlingombodet

Sigrid Isdal og Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland. Dei jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt dine rettar.

Dei kan gi deg råd, rettleiing og støtte. Dei kan følgje opp saka di og vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og bedrift.

Dei skal også vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.

Du kan trygt snakke med oss. Vi har teieplikt, det vil seie at vi ikkje går vidare med det du fortel oss, med mindre du sjølv ønskjer det.

Kontakt

Du kan ta kontakt med oss på mange ulike måtar. Vi vil helst snakke med deg, for det er ikkje så lurt å sende sensitiv informasjon på e-post eller sosiale media.

Om du ikkje vil ringe til oss, kan du sende telefonnummeret ditt på for eksempel SMS, e-post eller messenger, så kan vi ringe deg.

SMS/mobil: 404 03145
E-post: sigrid.isdal@hfk.no 
facebook.com/elevoglarlingombodet
Snapchat: elombud

Vi jobbar stort sett mellom klokka 08.30 og 15.30. Får du ikkje tak i oss med ein gong, kjem vi tilbake til deg så snart vi kan!

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145