Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenesta

Elevtenesta arbeider for å utjamne sosiale forskjellar, førebyggje fråfall, bidra til god helse og integrere etniske minoritetar.

Vi har ansvar for at alle finn seg til rette i opplæringa, og vil hjelpe til med personlege-, sosiale-, helsemessige vanskar som står i vegen for opplæringa. 

I elevtenesta får du også hjelp med spørsmål knytt til vidare skolegang og karriere. Vi har NAV rådgjevar som kan gje hjelp med problem utanfor skolen.

Har du innvandra til Noreg og opplev vanskar i det å vokse opp med fleirkulturell bakgrunn, kan du kontakte minoritetsrådgjevaren vår.

Karriererådgjeving

Vi hjelper deg som:

  • Treng hjelp med val av utdanning, vidare karriere, studielån og stipend
  • Ønskjer informasjon om vidare utdanning ved skolen vår
  • Ønskjer å få innblikk i kva utdanningsprogramma våre går ut på

Karriererådgjevar held til i TC-bygget, rom TC-302

Trefftider: Måndag, tysdag og fredag kl. 09:00 - 14:30

Sosialpedagogisk rådgjeving

Er det noko som hindrar deg i å lære? Då kan det vere klokt å kontakte rådgjevaren din.  Rådgjevar er ein god samtalepartnar og vil i mange tilfelle kunne gje deg gode råd. Rådgjevar veit også kor du kan få hjelp dersom det er aktuelt.

Samtalar med rådgjevar kan du avtale på førehand via e-post.

Foreldreinformasjon om elevane sitt psykososiale skolemiljø

Sosialpedagogiske rådgjevarar

NAV i skolen

NAV-rådgjevarane kan hjelpe deg med råd og rettleiing vedrørande utfordringar og problem utanfor skolen som til dømes hjelp med bustad, heimeforhold, økonomi og den generelle livssituasjonen din. NAV rådgjevarane står i tett kontakt med NAV kontor ditt og andre tenester. Det gjer det enklare for deg, slik at du kan bruke tida di på skolen.

NAV-rådgjevarane er til for å hjelpe deg med å fullføre skolegangen. Dei kan hjelpe deg med forhold som gjer skolegangen vanskeleg. Det kan vere økonomi, vanskar med buforhold og eller familie mv. NAV rettleiarane har teieplikt.  

NAV rådgjevarane er på skolen. Du treng ikkje gå på det lokale NAV kontoret  ditt. Dersom du lurer på om vi kan vere til hjelp, snakk med kontaktlæraren din og eller ta direkte kontakt med oss.

NAV rådgjevar
Profilbilde av Tirill Tønder

Tirill Tønder

Send e-post 409 09 318
Profilbilde av Eva Bjøntegaard

Eva Bjøntegaard

Send e-post 408 11 693

Minoritetsrådgjevar

Synest du det er vanskeleg å vokse opp mellom ulike kulturar? Vil du prate med nokon om det?

Ta kontakt med Marie. Eller stikk innom kontor A-339 (bak heisen).

Du kan finne meir informasjon på IMDI sine sider om mellom anna tvangsekteskap.

Minoritetsrådgjevar
Profilbilde av Marie Brokstad Lund-Johansen

Marie Brokstad Lund-Johansen

Send e-post 41 20 55 78

Elev- og lærlingombodet

Eg er Sigrid Isdal, elev- og lærlingombod i Hordaland. Eg jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt dine rettar.

Hjå meg kan du få råd, rettleiing og støtte. Eg kan følgje opp di sak og vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og bedrift.

Eg skal og vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.

Du kan trygt snakke med meg. Eg har teieplikt, det vil seie at eg ikkje går vidare med det du fortel meg, men mindre du sjølv ønskjer det.

Kontakt

Du kan ta kontakt med meg på mange ulike måtar. Eg vil helst snakke med deg, for det er ikkje så lurt å sende sensitiv informasjon på e-post eller sosiale media.

Om du ikkje vil ringe til meg, kan du sende meg telefonnummeret ditt på for eksempel SMS, e-post eller messenger, så kan eg ringe deg.

SMS/mobil: 404 03145
E-post: sigrid.isdal@hfk.no
facebook.com/elevoglarlingombodet
Snapchat: elombud

Besøksadressa mi er Agnes Mowinckels gate 5. Eg jobbar stort sett mellom klokka 08.30 og 15.30. Får du ikkje tak i meg med ein gong, kjem eg tilbake til deg så snart eg kan!

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145