Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Søketeknikk på nettet

Google er verdas mest brukte søkemotor og her finn du nesten alt.   Her er nokre tips om korleis du kan søke  meir effektivt.

1. Søk på ei bestemt nettside

Ein svært presis måte å søke på

i søkefeltet skriv du "site:" etterfulgt med namnet på nettsida du vil finne

eksempel: site:arv.hfk.no (hugs at det ikkje er mellomrom etter kolon)

2. Søk på filtype

Dersom du veit at du leitar etter ei Word-fil, Excel-fil eller pdf, skriv "filtype:" etterfulgt av søkeordet ditt i søkefeltet.

eksempel: pdf:skolerute Bergen

3. Frasar

bruk hermeteikn for å leite etter ord eller frasar

når du bruker "søkeord" søkjer Google nøyaktig etter ordet

ein bra måte for å søke opp personar eller produkt

eksempel: "Zlatan"

4. Utelat ord

nokre gongar blir ein hindra frå å få gode treff. Søkjer ein til dømes etter Årstad, kjem det ikkje kun skolen vår, men også ein stad i Sverige. For å unngå opplysningane om Sveriges Årstad skriv du i søkefeltet: Årstad -Sverige

5. Ordbok/Leksikon

Google har ei innebygd ordbok, som hjelper deg å finne tydinga av eit ord, særleg på engelsk

skriv då "define:" etterfulgt av ordet

T.d. define:website

6. Kalkulator

Google har også ein innebygd kalkulator

du kan bruke pluss, minus, gange, dele og du får og rekne ut prosent

T.d.: 8*5+40

Det fins fleire verktøy som gjer livet med Google enklare, t.d. klokkesøk (time Tokyo), Valutakalkulator ( 10 USD in NOK), værsøk (ver Kvamskogen), kartsøk (kart Årstad) og nokre fleire.

Prøv sjølv!