Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Pedagogisk arbeid på biblioteket

Skulebiblioteket er ein viktig del av det pedagogiske arbeidet på skulen, og med fagfornyinga stårsamarbeid mellom lærar og bibliotekar endå meir sentralt.

Alle kjerneelementa i fagfornyinga kan knyttast opp mot biblioteket. For eksempel vil informasjonkompetanse, digital dømmekraft og kjeldekritikk vere viktig for demokrati og medborgarskap. Leseprosjektet vi gjennomførte første gong hausten 2019, gir rom for djupnelæring og er eit tverrfagleg prosjekt.

935D1490-CDB8-43EA-A04D-5BC492C07A95.JPG

Vi jobbar pedagogisk på fleire måtar:

Vi er ein læringsarena på tvers av fag

 Til dømes gjennom Språkkafeen, der BUA-klasser og innføringsklasser møtest. Dette er ein del av kommunikasjonsfaget til BUA og norskfaget til innføringsklassene.

Vi utviklar opplegg i samanheng med læreplanar

 Døme på opplegg:

  • Praktisk skjønnlitteratur / novellekurs (norsk VG1/VG2 yrkesfag + studspes)
  • Kjeldekritikk / Fake News / informasjonskompetansekurs (alle liner og trinn, og spesielt for faga samfunnsfag, naturfag, norsk, engelsk og forhåpentligvis matematikk etter kvart)
  • Forbudte bøker (demokrati og diktatur i samfunnsfag VG1 og VG2)
  • Bokprat om barnebøker til BUA
  • CV-kurs for yrkesfag
  • Inspirasjon til fordjupningsoppgåva (Påbygg, 3STUSP og 3KDA)
  • Bli kjent på biblioteket (intro til informasjonssøk og kjeldekritikk for alle VG1-elever)

(Sjå https://arstadbib.wordpress.com/ for ei meir detaljert skildring av dei ulike opplegga)

Vi rettleiar enkeltelevar i kjeldekritikk, informasjonssøk og oppgåveskriving

Vi samarbeider med norskseksjonen og deltar på fagmøte

Planen er å få eit tettare samarbeid med fleire fagfelt.

Vi arbeider kontinuerleg for å auke lesekompetansen og fremme språkutvikling hos elevane, gjennom

  • Formidling av litteratur tilpassa elevane sine evner og deira måte å lære på (t.d. bokprat)
  • Leseprosjekt (tverrfagleg fordi det å lese er grunnleggande i alle fag)
  • Individuell oppfølging av elevar (som i 1GSA)
  • Lesegrupper
  • Litteraturformidling i digitale kanaler
  • Personlege tips til elevar som kjem innom biblioteket
  • Ei oppdatert boksamlinga innanfor fag- og skjønnlitteratur
  • Vi går på kurs for å få oversikt over ny litteratur for målgruppa og held oss oppdatert på litteraturfeltet

Vi er ein stad der alle skal kjenne seg velkomne

Spesielt viktig er dei små uformelle samtalane med enkeltelevar, som gjerne står fast i nokre ord og uttrykk eller som treng hjelp til å sjå ei oppgåve/ sak frå fleire sider.

Biblioteket bidrar òg med mykje som er med på å fremme læring blant elevane, sjølv om det ikkje går direkte inn under pedagogikk. For eksempel å oppmuntre elevar til å dyrke sine sterke sider, jule- og påskeaktivitetar, strikkestund, utlån av spel, kostymar etc. Dette er med på å skape trygge (og gjerne koselege) rammer som igjen fremmar læring.

9735E8BD-28ED-4B0B-8D90-C4F380CA71E9.JPG
IMG_1406.jpg
C5E98908-516D-4EFD-A5B1-850CE19BBA8B.JPG
ukas_lesebilde.JPG