Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Korleis skrive litteraturliste

Når du skriv ei oppgåve må du dokumentere alle kjelder du har brukt undervegs. Det gjeld både bøker, tidsskriftartiklar, nettsider, bilete og så vidare.

I samband med prosjektoppgåver, særemner eller liknande skal du alltid oppgje dei kjeldene du har brukt, fordi:

  • Andre skal kunne finne tilbake til kjeldene dine
  • Du skal vise kva kjelder du bygger på
  • Du skal vise at du har satt deg inn i emnet

 Ei litteraturliste skal leggjast inn til slutt i oppgåva.

Litteraturlista vert ordna alfabetisk etter første forfattarnamn eller bedriftsnamn. Dersom det er fleire referansar med same namn, blir desse ordna etter år for utgjeving med eldste først.

Dersom du unnlater å oppgje kjeldene du har brukt, blir det rekna som juks (plagiat ). Dette kan få alvorlege konsekvensar.

Medan du skriv oppgåva er det lurt å notere ned kjelder undervegs.

Det fins fleire standardiserte måtar å skrive litteraturlister på. Ein god standard å bruke, er Harvard. Når du først har valt ein siteringsstil, er det viktig å halde seg konsekvent til denne.