Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kjeldekritikk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Kjeldekritikk på Internett:

Utgjevar

  • Kven er kjelda til informasjonen - hugs at kven som helst kan legge ut informasjon på nettet, til kva formål som helst.
  • Kva autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
  • Fins det opplysningar om personen/organisasjonen?
  • Er personen/organisasjonen kjent innan feltet?
  • Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kjelda)?
  • Er det moglegheiter for å kontakte kjelda pr. telefon, faks eller e-post? Står adressa på nettstaden?

Formål med sidene 

  • Kva er motivet for å legge ut informasjonen? Er dette reklame, propaganda eller fakta?
  • Er kilden nøytral, eller finner du et sterkt farget syn på saken?

Truverde

  • Er språkbruken truverdig? Finn du mykje skrivefeil?
  • Har nettstaden ein klar og tydeleg layout?
  • Har nettstaden ei god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstader?

Utgjevingstidspunkt

  • Er informasjonen ny eller gamal?
  • Når ble sidene sist oppdatert?

Kjeldekritikk bøker:

Forfattar

  • Er forfattaren kjent ?
  • Har forfattaren skrive mykje om dette temaet?
  • Er forfatteren truverdig?

Utgjevar

  • Kva forlag er boka utgitt på? (Kjente forlag står stort sett for kvalitet.)
  • Er utgjevaren ein organisasjon eller eit spesielt samfunn? Religiøse sekter kan vere ukritiske. Politisk oppfatning er av betydning
  • Kor mange sider har boka?
  • Er boka illustrert?

År for utgjevnad

  • Når er boka gitt ut- er den ny eller gamal? (Eit aktuelt tema krev informasjon som er av nyare dato)
  • Har boka kome i fleire utgåver? (Indikerer at boka er eit standardverk)

Formål med utgjevnaden

  • Les forord!
  • Studer innhaldsoversynet!
  • Korleis er framstillinga? Er dette fakta, meiningar eller propaganda? Skrive for å overbevise, informere, underhalde, provosere?
  • Passar nivået? Skrive for ei bestemt målgruppe? Til dømes barn, ungdom, elevar eller forskarar.
  • Studer bokens litteraturliste!

Kjelde:

Sandefjord VGS

Andre anbefalte nettsider om kjeldekritikk:

Skjekkliste for kildekritikk / Ung.no , Viko-Veien til informasjonskompetanse / Universitetsbiblioteket i TrondheimKildekompassetDeichmanske-kilder til særemneSøk & Skriv / Kildevurdering