Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

velkomen til skulebiblioteket

Biblioteket ligg på brua i TC-bygget. Ta deg ein tur innom. Her kan du spørje om alt! Biblioteket er ope kvar skuledag frå klokka 08.00 - 15.30.

Om biblioteket

Bibliotekarane kjem med råd om korleis du finn fram i litteraturen, og å søkje i ulike databasar på Internett.

Vi har også skjønnlitteratur, krim, lydbøker og DVD-ar som ein sjølvsagt kan låne med heim.

Biblioteket skal vere ein god stad for læring, arbeid og avkobling. Hald stemmebruken på eit behageleg nivå, ta hensyn til oss andre.

Vil du høyre på musikk, bruker du høyretelefonar. Du kan låne høyretelefonar på biblioteket. 

Biblioteket er eit sosialt rom der vi respekterer kvarandre, legg til rette for arbeidsro og held orden.

 

Lånereglar

Alt materiale som ein tek ut frå biblioteket vert registrert!

Lånetid

Fire veker for bøker og sju dagar for filmar.

Reservering

Utlånte bøker kan bli reservert. Har du reservert vil du få melding når utlånt materiale er levert inn att.

Lengre lånetid

Viss ingen står på venteliste, kan du gje ei melding om at du treng lengre lånetid.

MWanvik_HFK_A¦èrstad_6108.jpg
_DSC4634.jpg

Lærebøker

Lærebøkene skal leverast når skuleåret er slutt eller rett etter at du har slutta. Viss ikkje bøkene er levert til siste skuledag, sender biblioteket ein faktura.

Hugs å skrive namnet ditt i boka og ikkje bytt bøker undervegs i skuleåret. Du har ansvar for dei bøkene du låner. Difor må du passe på å levere akkurat dei bøkene du har lånt og ikkje nokon andre sine bøker. Ta vare på bøkene. Sørg for at dei vert levert heile og reine utan skribling og med intakt strekkode.

Privatistar har ikkje krav på gratis læremiddel, men kan gjerne låne, så lenge biblioteket sit igjen med nokre eksemplar.

Erstatning

Du har ansvar for materialet som er lånt. For tapt eller øydelagd materiale kan biblioteket krevje erstatning. Etter 2. purring utan respons frå deg, blir det sendt ei rekning som følgjer dei erstatningssatsane som gjeld.

Digitale ressursar

På nettet finn vi ei uendeleg mengd med informasjon. Det er ei utfordring å finne fram til relevant informasjon, sidan mange sider er utdaterte, useriøse, eller at sidene legg fram gale opplysningar. Om du ønskjer rettleiing i korleis å bruke digitale ressursar, ta kontakt med skulebibliotekarane. Vi vil til ei kvar tid hjelpe deg så godt det lar seg gjere.  Du kan og finne ut på meir på eigenhand ved å lese meir om:

Smarte søk på nettet

Kjeldekritikk

Opphavsrett

Korleis skrive litteraturliste

Skolebibliotekar
Profilbilde av Torhild Jordal

Torhild Jordal

Send e-post 55595121
Skolebibliotekar
Profilbilde av Sveinung Tresselt Melheim

Sveinung Tresselt Melheim

Send e-post 55595138