Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sjakkturnering i vrimlearealet

sjakk_artikkel.jpg

Dei siste vekene har det vore muleg å sjå fleire og fleire sitte i djup konsentrasjon over eit sjakkbrett. Alle elevar og tilsette er velkomne til å spele sjakk kvar torsdag, frå og med torsdag 14. november mellom kl. 12:00-12:45.

Torsdag 31. oktober og 7. november har det vore turneringsprøver i vrimlearealet. Rekker med bord og konsentrert stille: Elevar og lærarar sit rundt sjakkbretta og pønskar ut neste trekk. Førstkommande torsdag vil sjølve turneringa starte. Dei første tre vinnarane får flotte premier.

På biblioteket er det muleg å låne bøker med sjakktips og triks, om nokon ønskjer å lære meir om dette fascinerande spelet.