Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Redesignar klede for å støtte ME-forskning

kjoleogdrakt.JPG

Elevane på kjole og draktsyerfaget redesignar utdaterte kjolar. Målet er å samle inn pengar for å støtte forskning på ME.

På klasserommet til Kjole og drakt er det kreativ arbeidsro. På prøvedukkene heng elegante kjolar i skinnande stoff. Dei har fått donert kjolar for over 200.000 kroner, kjolar som ikkje har blitt solgt, og no er det elevane si oppgåve å redesigne dei til å bli kjolar som folk ønskjer å kjøpe. Håpet er å få til ei mannekengoppvisning på den internasjonale ME-dagen 12. mai 2020, som både kan rette fokus mot temaet og føre til at kjolane blir solgt. Pengane som blir samla inn frå salget, vil gå til å støtte forskning på ME. 

IMG-2913.JPG

Elevane synest dette er ei gøy og spanande oppgåve. Dei har tidlegare jobba med redesign, men ikkje i dette omfanget. No i første runde redesignar dei finkjolar. Over nyttår vil dei gå i gong med enno flottare kjolar, som bryllaupskjolar og liknande. 

Lærarane Bjørg Nelly Fagerlid og Anne Lise Tollefsen er nøgd med arbeidet elevane gjer. Prosjektet har ført til mange ulike design, og elevane har vore svært kreative. 

Elev sitter med nål og tråd og syr på blå kjole
Sara Utvær jobber på sin blå kjole.

Elevane som er med i prosjektet er Maren Sundt Solheim, Else Marit Bakke, Hanna Talina, Sara Utvær, Kristina Nikolia Juskeviciate, Yasmin Beneyen Tekie, Carmen van Schendel, Jenny Karina Gjuvsland, Lina Svendsen, Luuley Adan Hassan, Tora Kristine Hansen, Thea Nielsen Kvarsnes, Victoria Linn Haukeland. 

Lilla ballkjole på prøvedukke Redesignet versjon av lilla kjole

Biletet til venstre viser kjolen før Maren Sundt Solheim byrja å redesigne, biletet til høgre viser korleis kjolen har blitt no. På førehand teikna ho både originalversjonen og sitt eige design.

Elev viser fram rød kjole
Lina Svendsen har redesignet en flott, rød kjole.

En elev jobber på datamaskinen, den andre syr på symaskin Klasserom med symaskiner og elever