Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fleire har oppdaga gleda ved å lese

935D1490-CDB8-43EA-A04D-5BC492C07A95.JPG

Denne hausten har vi gjennomført eit leseprosjekt for alle elevar på VG1. I fire og ei halv veke fekk dei 20 minutt kvar dag til å lese ei bok dei valde sjølv. Elevar har lese bok til seint på natt. Andre har utfordra leggmusklane for å ta «Ukas lesebilde».

Det å kunne lese er viktig i alle fag. I fagfornyinga er djupnelæring og tverrfaglegheit viktig, og leseprosjektet går på tvers av faga og gir elevane tid til å fordjupe seg i tekst. PISA-undersøkinga som blei presentert i fjor, viste at norske elevar skårar dårlegare på lesing og naturfag enn tidlegare. Desto viktigare er det å fokusere på lesing, og det har vore kjekt å kunne gjere det gjennom leseprosjektet.

Bokprat til inspirasjon

Før leseprosjektet starta, kom elevane klassevis til biblioteket for ein bokprat. Dei fekk høyre om eit utval bøker, og fekk hjelp til å finne rett bok. 

KICK-OFF

20. november var det klart for Kick-off. Vi hadde storfint besøk av forfattarane Tor Arve Røssland og Mona Ibrahim Ahmed. Henriette Klementsen Dahle (elev på VG1 Design og håndverk) og Michael Martinsen Wisnes (elev på VG1 Helse- og oppvekstfag) leia samtalen med forfattarane, og gjorde ein strålande jobb. Elevane i salen blei også engasjerte, og sende inn gode spørsmål til forfatterne.

 Elevene bokbader forfattaraneForfattere og elever, bibliotekar og minoritetsrådgiver står rundt bord med bøkene til forfatterne

Lesetid kvar dag

Frå 20. november og fram til juleferien, fekk elevane 20 minutt lesetid kvar dag. Nokre av klassene hadde peis på storskjerm og satt framfor denne og leste. På studiesenteret skrudde dei av lyset og tende stearinlys når det blei lesetid. Fleire av lærarane fortalde om ein spesiell ro i desse stundene. Studier har vist at det å lese eit kvarter har målbar effekt på stress og opplevinga av mentalt velvære – «fertile solitude».

1HOB har fyrt opp i peisen (på storskjerm)

Elevar fortel at dei sette pris på desse rolege stundene, i ein elles travel kvardag.
I desse vekene var det leselunsj kvar onsdag og kåring av Ukas lesebilde. Elevane var kreative og det var vanskeleg å kåre vinnarane. Men eitt bilde kravde meir fysisk og psykisk styrke enn dei andre, og det stod elevane Tuva, Kari og Adrianna for.

 

«Dette var for slitsomt til å ikke vinne», meinte elevane.

Det var fint å snakke med elevane om leseopplevingane deira, og ekstra kjekt å høyre at dei delte leseopplevingane med kvarandre. Ragna las teikneserien Gissel og likte den så godt at det inspirerte Juna til å lese boka. Nana Wiium byrja å lese ein time kvar kveld. Ho seier at leseprosjektet gjorde at ho oppdaga kor koseleg det er å sette seg ned med ein kopp te og ei god bok.

Elev holder opp gul bok med tittel Meningen med rus

Nana har blitt inspirert til å lese ein time kvar kveld. Boka ho held i handa, «Meningen med rus» av Øystein Skjælaaen, har gitt henne mange nye perspektiv

Det var òg fleire elevar som kom tilbake med bøker som ikkje fenga, og fekk låne ei ny. Over 250 elevar var med på leseprosjektet, og det skal godt gjerast å finne rett bok til kvar og éin. Sjølv om svært mange treivst med leseprosjektet, var det òg elevar som heller ønska å bruke tid på praktisk arbeid, framfor å lese.

 

Nyttige tilbakemeldingar

Før leseprosjektet starta, gjennomførte vi ei anonym spørjeundersøking blant elevane. 251 svarte. Over halvparten av elevane svarte at dei ikkje las på fritida. Eit lite fleirtal, på 56,3%, såg fram til å bruke litt tid kvar skuledag til lesing.

I etterkant fekk elevane evaluere korleis dei opplevde prosjektet. Spesielt nyttig var det å lese svara på det siste spørsmålet i undersøkinga: «Er det noe som var særlig bra med leseprosjektet? Eller noe som du skulle ønske var annerledes?»

«Til vanlig med nesen inn i telefonen»

Fleire skriv at dei skulle ønske leseprosjektet varte lenger. Ein har svart: «jeg vil at leseprosjektet fortsetter til slutten av året». Ein annan har skrive: «Eg syns leseprosjektet var bra fordi vi sitter til vanlig med nesen inn i telefonen». Ein tredje kjem med eit viktig poeng: «Jeg liker og lese, men det må være fakta ting som jeg er interessert i.» Det å finne rett bok har alt å si.

 

Så er det òg elevar som ikkje har fått så mykje ut av leseprosjektet, anten fordi lesestundene ikkje blei gjennomført eller fordi dei ikkje ønskjer å bruke tid på å lese. «Jeg er bare ikke interessert i å lese» har ein elev kommentert og ein annan har skrive: «Vi trenger ikke å ha det».

Eit positivt fleirtal

Fleirtalet av tilbakemeldingane er positive. Leseprosjektet har ført til at fleire elevar har oppdaga gleda ved lesing. Forsking viser at lystlesing mellom anna har sterk betydning for elevars ordforråd og det betrar dei matematiske ferdigheitene til elevane.

Vi håper lesegleda har komme for å bli!