Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sommarskulen 2021

Sommarskulen er eit gratis tilbod fylkeskommunen arrangerer i samarbeid med Røde Kors for elevar i dei offentlege vidaregåande skulane og lærlingar i fylket. No kan du melde deg på!

I 2021 blir det sommarskule i Bergen, ved Amalie Skram videregående skole, og vi har tilbod i matematikk for elevar og lærlingar, og i norsk for elevar med kort butid i Noreg og med ungdomsrett.

I år tilbyr vi:

  1. Matematikk for elevar i studiespesialiserande, utan eksamen.
  2. Matematikk for yrkesfagelevar (MAT1001 1P-Y) med eksamen 2.juli for dei som no går i Vg2, går i lære eller ventar på læreplass, og har 1 eller IV i faget frå vg1.
    NB. Dei som er Vg1-elevar i år kan IKKJE melde seg på dette kurset. Dei må følgje kurs 3 som er tilpassa årets læreplan, og ta eksamen i november.
  3. Matematikk for yrkesfagelevar som er elevar i vg1 i år og som har 1 eller IV i standpunkt. Dei må ta eksamen i november. Vi vil gi tilbod om nokre oppfriskningsdagar før privatisteksamen i november.
  4. Norskkurs for elevar 16 - 25 år som har kort butid i Norge og treng trening. Ingen eksamen.

Stad

Sommarskulen held til i Amalie Skram videregående skole ved Ado-arena.

Tid

Kursa føregår på kvardagar  kl. 08.30 – 14.00 frå måndag 21. juni – fredag 2. juli.

Merk at kursa går samstundes, og det er derfor ikkje mogeleg å delta på fleire kurs.

Påmeldingsfrist

Frist for å melde seg på sommarskulen er 11. juni.

Deltakerne må ha med PC, kalkulator og skrivesaker.

Det blir servert gratis frokost og lunsj til dei som deltar.

Matematikkurs 2 blir avslutta med skriftleg eksamen fredag 2. juli.

Om Covid-19

Vi følgjer vedtaka til regjeringa og helsestyresmaktene for å kunne gjennomføre undervisninga på ein trygg måte.

På grunn av koronapandemien tas det forbehold om gjennomføring av sommarskulen 2021.

Dersom situasjonen endrar seg og lokale eller nasjonale myndigheiter iverksetter fleire smittevernsrestriksjonar kan det føre til at sommarskulen blir avlyst.

Les mer her for info og påmelding